Hopp til innhold

– Dette viser kva ein film kan bety for Noreg

Disneyfilmen Frost får æra for den store amerikanske turistboomen som kjem til Noreg i år. No vil turistnæringa fri til Hollywood for å lokke fleire filmteam til landet.

Frost

ÅRSAKA TIL VEKSTEN: Ein animasjonsfilm med norsk landskap får æra for at det i år er ei sterk auke av amerikanske turistar i Noreg.

Foto: The Walt Disney Company Nordic

Jørgensen

SKAPAR OPPSVING: Kristian Jørgensen i Fjord Norway meiner ei Disney-prinsesse og ein snømann skaper oppsving for norsk reiseliv.

Foto: Ketil Jordan / NRK

– Vi sleit med USA i mange år, men i år eksploderer det, seier Kristian Jørgensen i den vestlandske reiselivsportalen Fjord Norge.

Han kan i år juble over ein enorm pågang frå USA. I år er det ei 42 prosent auke i amerikanske turistar i Noreg enn det var i fjor, og veksten er særleg stor på Vestlandet.

Det viser tal for gjestedøgn frå USA frå SSB for årets fire første månader. Dette er dei ferskaste tala som er å oppdrive:

  • I Noreg har talet på gjestedøgn gått frå 32.030 til 43.740 gjestedøgn i år, ei auke på 36 prosent.
  • På Vestlandet er talet 9067 i år mot 6367 i fjor (ei auke på 42 prosent).

Disney-film får litt av æra

– Det vi ser for dei fire første månadene er ein tendens som er enorm. Det er eit teikn på at det skjer noko stort i USA no, seier Jørgensen.

Han meiner Disney-filmen Frost (am. Frozen) er hovudårsaka til veksten. Rett før jul kom den amerikanske disneyfilmen på kino i USA.

– Vi merker at folk har lyst til å reise i fotspora til filmen. Det er jo ein animasjonsfilm, men likevel er den laga så bra at folk ønskjer å reise dit. Dei har oppfatta at det faktisk finst ein stad som er så vakker som det Frost viser i filmen, seier Jørgensen.

I tillegg til sjølve filmen peikar han på to viktige medverkande årsaker til USA-boomen:

At det går fleire flyavgangar direkte mellom Noreg og USA enn nokon gong – og at Innovasjon Noreg har fått løyve til å bruke Frost i marknadsføringa av Noreg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Frozen Frenzy ADVENTURES BY DISNEY NORWAY VACATION

I filmen finst det eit fantasirike som heiter «Arendelle». Dette var basert på naturen i Geirangerfjorden.

Foto: Scanpix / Ap

Kjenner seg att

Frost er ein animasjonsfilm der handlinga er lagt til eit norsk vinterlandskap, med fjordar, fjell, stavkyrkjer og isslott. I eit landskap som kan minna om Noreg, følgjer vi heltinna Anna, eit reinsdyr og ein snømann med det norskklingane namnet Olaf. Det minner om eit norsk folkeeventyr.

NRK.no møtte nokre amerikanske turistar på Bryggen i Bergen. Dei kjenner att nokre element frå lerretet og i røynda.

– Du har fjordane, fjella og reinsdyra. Desse tinga gjer at ein får lyst til å reise til ein slik plass. Det er veldig vakkert her, seier dei amerikanske søstrene Gavy og Mariann Burrero som er på ferie i Noreg.

– Perfekt setting

– I Frost forsøkte vi å ta publikum til ein stad dei aldri hadde vore før. Noreg er ein spesiell stad og viser ei verd og ein kultur mange ikkje har opplevd, fortalde Michael Giaimo, kunstnerisk ansvarleg til NRK.no

Saman med eit designteam, var han to veker i Noreg for å henta inspirasjon i forkant av filmen. Namnet på kongeriket i filmen er Arendelle, som er forvekslande lik sørlandsbyen Arendal. Bryggen i Bergen, Akershus festning og dei norske fjordane er døme på andre stadar du kan kjenne igjen i filmen.

– Det er ingenting som dei norske fjordane. Det var ein perfekt setting å plassere kongeriket vårt i, seier Giaimo.

Vel ofte vekk Noreg

– At så mange no kjem viser kva ein film kan bety for landet det vart filma i, seier Jørgensen.

Likevel vel interesserte filmteam ofte vekk Noreg fordi andre land tilbyr betre skatteordningar, såkalla insentiv. No fortvilar reiselivet over at Noreg gjer så lite for å lokke fleire filmteam til landet.

turistar

KJENNER SEG ATT: Dei amerikanske søstrene Gavy og Mariann Burrero kjenner att nokre element frå Frost og i røynda.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Eg forstår ikkje at vi ikkje kan få til dette intensivprosjektet, det er utvilsamt den beste marknadsføringa vi kunne ha fått. Det er slik både Island og New Zealand har klart å vakse, og eg meiner det er slik Noreg og kunne ha vakse, seier Jørgensen.

Reiselivet ber om hjelp

På grunn av ferieavvikling kunne ikkje Norsk Filminstitutt kommentere saka. Dei forvaltar pengesekken til dette på vegner av kulturdepartementet. Men resultata frå Frost får andre til å vakne.

– Det er spennande viss dette er eit resultat av at det vart laga ein film frå Noreg, seier Ove Trellevik som sit i næringskomiteen på Stortinget for regjeringspartiet Høgre.

Han forstår ikkje kvifor ikkje Noreg har insentiva på plass.

– Eg vil ta dette med meg tilbake til både mine i næringskomiteen og til dei som sit i finanskomiteen og diskutere slike spørsmål som dette. Dette meiner eg er ein god ide som vi må å byggje vidare på og dette kan vere ei god sak for mange lokalitetar, seier Trellevik.

  • Høyr radiosaka om at reiselivet vil ha fleire filmar til Noreg under: