For å kunne utvinne rutil ifrå Engebøfjellet i Naustdal, må det tømmast store mengder restmasse i Førdefjorden. Den eine etter den andre slakta Nordic Mining sine planar under SV i Sogn og Fjordane sitt fylkesårsmøte i helga. Førdefjorden vil bli øydelagt for all framtid, var mantraet.
Ny Alta-aksjon?
ENGASJERT: Det vil vere galskap av regjeringa å gå inn for dumping av gruveslam i Førdefjorden, seier Albert Andersen Øydvin, leiar i Sosialistisk Ungdom i Sogn og Fjordane.
Foto: Bård Siem / NRKFylkesleiar i Sosialistisk ungdom (SU), Albert Andersen Øydvin, gjekk lengst av alle og kravde sivil ulydnad. Saman med Sosialistisk ungdom sentralt og Natur og Ungdom vil dei gå tøft til verks.
– Det kjem til å bli ein beinhard kamp dersom regjeringa seier ja til noko så gale som å dumpe gruveslam i ein nasjonal laksefjord. Vi kjem til å lenke oss saman, tordna han.
Får støtte frå moderpartiet
Stortingsrepresentant Torgeir Knag Fylkesnes, som var gjest på Sogn og Fjordane SV sitt fylkesårsmøte i helga, har på si side stor forståing for at SU sitt standpunkt.
– Det vil ikkje vere rett at regjeringa går inn for gruvedumping når faginstansane, dei fleste næringsinteressene og lokalsamfunnet er imot planane, seier Knag Fylkesnes.
– Men er ikkje sivil ulydnad å undergrave det norske demokratiet som seier at det folkevalde Stortinget har siste ordet i denne type saker?
– Nei, sivil ulydnad er ein del av ytringsfridomen vår, noko som er ein fundamental del av demokratiet vårt, sa han.
- Les også:
- Les også:
- Les også:
Lenkegjeng
Nicholas Wilkinson, leiar i Sosialistisk Ungdom i Norge, støttar Andersen Øydvin fullt ut.
– Førdefjorden vil vere øydelagt mange hundre år fram i tid dersom det blir ja til dumping av gruveavfall. Vi kan ikkje tape denne kampen og då er det rett å ta i bruk sivil ulydnad, sa han.
Også leiaren i Sogn og Fjordane SV, Vibeke Johnsen, støttar sivil ulydnad i denne saka.
- Les også:
- Les også:
– Åtak på demokratiet
PROVOSERT: Frank Willy Djuvik, fylkesleiar i Framstegspartiet i Sogn og Fjordane, likar ikkje planane om sivil ulydnad for å stoppe planane om dumping av gruveavfall i Førdefjorden.
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRKFrank Willy Djuvik, fylkesleiar i Sogn og Fjordane Framstegsparti og varm tilhengar av gruveplanane, har ikkje noko sans for Sosialistisk ungdom sine planar.
– Det er ikkje slik at Førdefjorden vil bli øydelagt for all framtid dersom det blir gruvedrift i Vevring. Dette er ei svartmåling utan like. Vi har eit demokrati i Norge og her har vi eit ungdomsparti som går til åtak på det. Ekstra alvorleg er det at dei får støtte frå ein stortingspolitikar, seier Djuvik.