Av Svein Ove Hansli og Kjell Arvid Stølen
Starheim vil i dag ta kontakt med Hareide for å få han til å godkjenne planane om å fly turistar med helikopter opp til fjelltoppen Kaldakari. - Eg vil be om eit positivt svar slik at innbyggjarane på Veitastrond kan kome i gang med det som dei ser på som eit veldig viktig næringslivsprosjekt for bygda, seier Starheim.
Åge Starheim. Arkivfoto NRK
- Var lova svar
Innbyggarane på Veitastrond meiner at dei var lova eit svar frå miljøvernminister Knut Arild Hareide om dei får setje i gang planane om å fly turistar i helikopter til fjelltoppen Kaldakari.
Redde for raudgrønt nei
Med knappe 14 dagar igjen til regjeringsskiftet fryktar dei at svaret ikkje kjem. Om avgjerda hamnar på bordet til den nye regjeringa fryktar dei at det betyr eit endeleg punktum for planane.
Men Starheim er litt usikker på kor mykje han kan få gjort. - Som førstereisgut på Stortinget er eg litt usikker på det formelle, men eg reknar iallfall med at eg som stortingsrepreesentant kan påverke, og eg vil iallfall gjere det eg kan, seier han.