Hopp til innhold

Møte-nei i nytt storfylke: – Afrikareise å dra til Førde

Kulturskulerektor Stein Høyland i Bømlo meiner dei aller fleste fellesmøta i nye Vestland må leggast til Bergen. – Rein arroganse, meiner medlem i kulturskulerådet frå Sogn.

Stein Høyland, rektor Bømlo kultuskule.

VIL HA MØTA I BERGEN: Rektor ved kulturskulen i Bømlo, Stein Høyland, meiner møta i nye Vestland i stor grad må leggast til Bergen. Han meiner det er altfor langt å dra til Førde.

Foto: Nils-Tore Sele / Bømlo-nytt

Då kulturskulerådet i nye Vestland hadde sitt første fellesmøte i Førde i desember i fjor, møtte berre 2 av i alt 30 kulturskulerektorar frå gamle Hordaland fylke. Stein Høyland meiner lange reiseavstandar er årsaka.

– Det kjennest enkelte gonger som ei «Afrikareise» å dra så langt nord som til Førde. Den lange avstanden og mykje tidsbruk gjorde at eg valde bort møtet i Førde, seier rektoren ved kulturskulen i Bømlo.

Frå Bømlo i sør til Førde, som ligg om lag midt i tidlegare Sogn og Fjordane, er det 28 mil. Tidstabellen viser at strekninga tek nær seks timar med bil.

Høyland meiner møta i nye Vestland i stor grad må leggast til Bergen.

– Det må vere den kortaste reisevegen for dei fleste og møta må difor i stor grad leggast til Bergen, seier han.

Er provosert

Styremedlem i kulturskulerådet i Vestland, Jan Geir Solheim frå Lærdal, er provosert over haldninga til Høyland.

– Dette er rein arroganse. Det kan ikkje vere slik at det er lengre å reise frå Bergen til Førde enn frå Førde til Bergen. Alle må setje av tid, anten møtet er i Førde eller Bergen, seier han.

Jan Geir Solheim

PROVOSERT: – Det er rein arroganse å krevje alle fellesmøte i Vestland lagt til Bergen, meiner medlem i kulturskulerådet i Vestland, Jan Geir Solheim.

Foto: STINE KYRKJEBØ JOHANSEN / NRK

Solheim trur ikkje det berre er kulturskulerådet som opplever motstand frå tidlegare Hordaland mot å dra nordover.

– Eg har fått signal om at problemstillinga er gjeldande både innan politikken i Vestland generelt, i forvaltninga og innan frivillige lag og organisasjonar, seier han.

Avviser skuldingar

Høyland avviser skuldingane om arroganse.

– Dette har ikkje noko med arroganse å gjere. Kommentaren om «Afrikareise» er sagt med glimt i auget. Dette har ingenting med at det gjeld Sogn og Fjordane, seier han.

– Men er det lengre frå Førde til Bergen eller frå Bergen til Førde?

– Det er like langt, men vi må først til Bergen. Bømlo ligg fleire timar sør for Bergen, seier han.

– Uheldig formulering

Leiar i Sogn og Fjordane Senterparti, Sigurd Reksnes, opplever ei haldning frå tidlegare Hordaland om at «det er lengre frå Bergen til Sogn og Fjordane enn omvendt».

– Det er viktig å vere bevisst på dette når nye fellesmøte i Vestland blir planlagde, seier han.

Sp-leiaren karakteriserer Høyland si «Afrikareise»-formulering som uheldig.

– Det er viktig å fordele reisebelastninga i det nye fylket, seier han.

Sigurd Reksnes

LIKAR IKKJE: Sigurd Reksnes opplever ei haldning frå tidlegare Hordaland om at «det er lengre frå Bergen til Førde enn frå Førde til Bergen»

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Reksnes stiller seg undrande til at berre to av 30 kulturskulerektorar frå tidlegare Hordaland deltok på møtet i Førde.

– Fråfallet var påfallande stort, seier han.

Reksnes, som sjølv bur i Nordfjord, meiner lange reiseavstandar er ein av fleire uheldige sider ved nye Vestland fylke.

– For min eigen del tek det sju timar i bil frå Nordfjord til Sunnhordland. Dette er den nye realiteten vi må leve med, seier han.

Saman med resten av Sogn og Fjordane Senterparti kjempar Reksnes for å løyse Vestland fylke opp igjen.