Hopp til innhold

Vil lære barn å dyrke mat for å takle alvorlege kriser

Viktig kunnskap kan vere i ferd med å forsvinne frå befolkninga. No skal eigne hagar lære skulebarna å dyrke grønsaker.

Mohamad (9 år) og Gelila (6 år) lærer å dyrke plantar.

Mohamad (9 år) og Gelila (6 år) lærer å dyrke plantar ved skulen på Nordfjordeid.

Foto: Benedikte Grov / NRK

CO₂ i atmosfæren
421 ppm
1,5-gradersmålet
+1.01°C
Les mer  om klima

– Det er veldig gøy, og vi lærer mykje. Vi ser at plantene veks, og dei smakar betre når vi lagar dei sjølv, seier Mohamad (9) ved Nordfjordeid skule.

Ivrige små hender er i full sving med å setje potet og lauk, og deretter så gulrot, reddik og solsikker på Nordfjordeid.

Eldgamle ferdigheiter, som var ei sjølvfølgje for tidlegare generasjonar.

No er kunnskapen viktigare enn på lenge, men ifølgje Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) er det stadig færre som har den.

– Krigen kan koste liv fleire stader i verda

Verdsbanken sitt anslag er at dei globale matprisane kan auke 37 prosent. Ukraina er storprodusent av solsikkeolje, kveite og mais. Krigen der kan dermed koste liv også andre stadar i verda. I eit intervju med BBC åtvarar sjefen i Verdsbanken, David Malpass, om ein humanitær katastrofe for fattige menneske verda over.

Prisane på kunstgjødsel har skote til vêrs som følgje av at viktige ingrediensar er ein del av sanksjonane mot Russland. Utan kunstgjødsel vil halvparten av verdas avlingar gå tapt, ifølgje kunstgjødselprodusenten Yara.

Barn på Nordfjordeid

DYRKING: Barn på Nordfjordeid i Vestland fylke lærer å dyrke.

Foto: Privat

Barna får lære seg å dyrke mat

På Nordfjordeid i Vestland er den ideelle organisasjonen Grøn Integrering i gang med å organisere matdyrking for barn.

Målet til initiativtakarane er at barna skal lære å dyrke, så og hauste.

Dei etablerer no skulehagar, mellom anna på Nordfjordeid skule.

Anne-Joril Bratlie Haugland i organisasjonen meiner det er viktig at alle tar ansvar i ei sårbar tid. Skulehagar har vore tradisjon i Oslo, og enkelte kommunar i Viken. Elles i landet er det langt mellom tilboda.

– Vi bør alle ha kunnskap og respekt for kva som krevst for å dyrke fram maten vi et, meiner ho.

Abid Raja og Alfred Bjørlo

ENGASJERT: Stortingsrepresentantane Alfred Bjørlo og Abid Raja (V) saman med Anne-Joril Bratlie Haugland i Grøn Integrering.

Foto: Privat

Vil ha matdyrking inn i skulen

Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (V) meiner det er viktig for nasjonal beredskap at flest mogleg i Noreg er stand til å produsere mat. Han vil ha det for fullt inn i skuleverket.

– I andre land er kunnskap om matdyrking heilt sjølvsagt, medan her i Noreg er dette kunnskap som kan vere i ferd med å forsvinne mange stader.

Ifølgje Bjørlo kan praktisk kunnskap om dyrking vere ein viktig del av den nasjonale beredskapen.

Men har ikkje skulane mange nok oppgåver frå før?

– Skulane har fått ny læreplan der berekraft er kome inn som eit viktig omgrep. Det å lære å dyrke mat, og å jobbe praktisk, handlar til dei grader om berekraft, seier Bjørlo.

Potetdyrking i Slottsparken under 1. verdskrig

POTETDYRKING: Det blei sett poteter i Slottsparken under 1. verdskrig. Biletet frå om lag 1917–1918.

Foto: Ukjent fotograf / Oslo Museum

Potetdyrking i Slottsparken

Då krigen herja i Noreg, vart det dyrka poteter i Slottsparken i Oslo. Då måtte dei ta i bruk den jorda dei kunne for å produsere mat.

I 2020 var sjølvforsyningsgraden i Noreg på 46,5 prosent, viser tal frå Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO). Seniorrådgjevar Siri Voll Dombu seier det kan vere eit poeng at beredskapen blir styrka om fleire kan meir.

– Det er mykje som skal på plass for å produsere mat. Kunnskap er ein viktig del av det, for maten lagar ikkje seg sjølv.

Dombu seier at i dag er det mange færre av oss som kan å dyrke mat. Tidlegare var ein stor del av landet bønder, og trongen for arbeidskraft i landbruket var stor.

Samstundes legg ho til at noko av det viktigaste for beredskapen her til lands er at vi tar vare på matjorda.

– Vi fiksar ikkje matberedskapen med parsellhagar. Kunnskap er bra, men for at det skal monne i ei krise må den også kunne omsetjast i produksjon i stor skala av energirike vekstar.

Barn lærer å dyrke på Nordfjordeid

IVRIGE: Barn ved Nordfjordeid skule

Foto: Privat

Les også: Hva skal vi spise hvis grensene stenges?

Kathrine Bergstaa i kassa i butikken.
Kathrine Bergstaa i kassa i butikken.