Hopp til innhold

Vil kvitte seg med bokmål for å spare pengar

Den siste bokmålsskulen i nynorskbastionen Sogn og Fjordane kan snart vere historie. – I særklasse, seier språkforskar.

Måløy i Vågsøy.

SISTE SKANSE: Tidlegare var Måløy bokmålland. No kan det hende at elevane ved sentrumsskulen berre vil få tilbod om undervisning på nynorsk.

Foto: NRK

– Her er det økonomar som kjempar mot pedagogar, seier tidlegare lærar Kristian Andal ved Skram skole i Måløy.

Når Kinn kommune no skal spare pengar, kan ein av konsekvensane verte at elevane ved skulen ikkje lenger vil få tilbod om undervisning på bokmål.

Færre vel bokmål

Medan omlandet i tidlegare Vågsøy kommune skreiv nynorsk, var byen Måløy unntaket. Der skreiv byfolket bokmål og snakka med klare bokmålsinnslag i dialekten.

Men på Skram skole har det vorte færre og færre bokmålselevar. I dag har over to tredjedelar nynorsk som hovudmål.

– Ingen av dei som no går i første klasse har valt bokmål. Eg vel å tru at dette difor ikkje er ei stor, problematisk sak, seier kommunedirektør Terje Heggheim i Kinn kommune.

Det er han som har kome med forslaget om å kutte ut bokmål, for å spare ein million kroner i året.

Kristian Andal.

KRITISK: Tidlegare lærar ved Skram skole, Kristian Andal, meiner foreldra vil velje bokmål om skulen endrar målform.

Foto: Privat

– Fleire vil velje bokmål

Men Andal trur neppe kommunen vil spare pengar på å forlate bokmål.

– Kanskje får dei i staden masse utgifter til å kjøpe nye bøker, seier han.

Han meiner at den høge nynorskprosenten ved skulen i dag skuldast at mange foreldre bevisst har valt denne målforma for å få delt opp klassane, slik at det vert færre elevar i kvar klasse.

I dag seier lova at visst minst 10 elevar krev å få undervisning på eit anna målform enn det som er skulen sitt offisielle, så må det bli oppretta ein eigen klasse.

– Etter mi erfaring så vil fleire foreldre no mest truleg i staden velje bokmål for å få delt opp klassene. Dei vil gjerne ha mindre klasser fordi elevane då får betre oppfølging, meiner Andal.

– Forslaget trur eg vil gi ein omvendt effekt. Dei vil ikkje spare pengar dersom folk vel bokmål, og det likevel blir to klasser, seier han.

Terje Heggheim, rådmann Kinn

KOMMUNEDIREKTØR: Terje Heggheim meiner det er for få som vel bokmål, og at det difor ikkje er problematisk å skifte målform.

Foto: Bård Siem / NRK

Positive politikarar

– Vi må kalle ein spade for ein spade, dette er økonomisk motivert. Dersom det er slik at ingen vel bokmål, kan vi spare pengar på å ikkje tilby det, er kommunedirektøren sitt håp.

Men ingenting er avgjort enno.

– Det er kommunestyret som til sjuande og sist bestemmer om dei som startar i første klasse neste år skal få tilbod om bokmål, eller om det berre blir nynorsk, seier han.

Forslaget var oppe i utvalet for oppvekst og kultur nyleg.

Dei var positive, ifølgje Heggheim.

Skram skole i Måløy

SKRAM SKOLE: Ein million kroner kan denne skulen spare på å gå over til undervisning på nynorsk.

Foto: BJARNE ELDEVIK

I særklasse

– Sogn og fjordane er i særklasse. Dette er unikt, seier Margunn Rauset. Ho er forskar ved UiB, og jobbar som hovudredaktør i Bokmålsordboka og Nynorskordboka.

Men det er ikkje berre uvanleg at nynorsk tek plassen til bokmål. Rauset trekk også fram at det er ekstra spesielt i ein by.

– Det vanlege i andre bynære strøk er at bokmål tek over for nynorsk. Nynorsken er under veldig stort press mange stadar, seier ho.

Rauset tykkjer likevel det er trist at politikarane ser på språklege rettar som ein post i budsjettet der det er råd å spara pengar.

– Elevar må ha gode læringstilhøve. Det gjeld også bokmålselevar i nynorskland. Me nynorskbrukarar veit korleis det er å vera i mindretal, og kor viktig det er å få nytta vår målform. Skal me kunne argumentere for at nynorskbrukarane skal få halda på sine rettar, må også bokmålsbrukarane det.