Leiar i Sogn og Fjordane Turlag, Jørgen Bruheim, meiner det er heilt uaktuelt å innføre ei slik ordning.
- Det er heilt tullete, og det bryt med allmannaretten, seier Bruheim.
- Avgift nødvendig
Men dei politiske representantane i det såkalla Fjellregionsamarbeidet, meiner ei avgift på fri ferdsle i friområde er nødvendig.
Fylkesvaraordførar Tor Bremer representerer Sogn og Fjordane i samarbeidsgruppa og synast tanken er god. Han meiner ei slik avgift er nødvendig for å kunne tilby fastbuande og turistar ryddige friområde.
Turistar skal betale
Men det er ikkje fastbuande nordmenn som skal betale for fine friområde.
- Turistane sjølv skal vere med på å betale for dette, slik at dei får eit godt inntrykk, seier Bremer.
Fryktar for allmannaretten
Leiaren i turlaget synast verken fastbuande eller besøkande skal betale noko som helst for å ferdast i utmarka, og han er redd for at retten til å ferdast i friområde står i fare.
- Skal vi ta betaling for å ferdast ute i Guds frie natur? Eg skjønar ikkje folk som kan finne på slike ting, seier Bruheim.
Tor Bremer avviser at allmannaretten skal stå i fare. Han seier at allmannaretten skal liggje i botnen, og at ei ny ordning ikkje vil vere i konflikt med den.