Hopp til innhold

Vil kle opp nordmenn i fiskeskinn

Kan du sjå føre deg å gå i ein dress av fiskeskinn? I Førde lagar dei klede av det uvanlege materialet.

Børje Møster lagar klede i fiskeskinn

STOR VARIASJON: Både fisken i havet og jakkene på stativet får du i eit breitt utval av farge og mønster.

Foto: Åshild Slåen / NRK

Dette byrja for ein del år sidan då eg laga ein vest av steinbitskinn. Deretter laga eg jakke og bukse og plutseleg stod eg i ein full dress av fiskeskinn, seier Børje Møster.

Han er mannen bak bedrifta Coastwear, som no vil kle opp folk i skinn frå fisk.

I lokala i Førde sentrum heng det jakker sydd av laks, vestar av steinbit og bukser av torskeskinn.

Målet er å konkurrere med klede frå eksotiske dyreartar i luksusmarknaden, seier Møster.

– Mange vert skeptiske når dei høyrer fiskeskinn, dei trur det luktar fisk og at det ikkje er sterkt. Begge deler er feil. Dette er eit utmerkt materiale, seier han.

Konkurransen er skinn frå eksotiske dyr

Møster viser til at verksemda opererer i same marknad som slange og krokodilleskinn med tanke på eksklusivitet.

Slange og alligatorskinn har hatt eit litt frynsete rykte, mellom anna fordi skinna har vore tekne frå utryddingstruga dyr, seier han.

Jakker av lakseskinn frå Coastwear

Produkta: I lokalet heng det jakker av lakseskinn

Foto: Åshild Slåen / NRK

Aukande miljøfokus

I 2015 inviterte FN for første gong moteindustrien til å delta på klimakonferansen. Der fekk det norske klesmerket MØRCK lov å vise fram klede frå siste kolleksjon, laga av mellom anna lakseskinn.

Dagleg leiar og designer Marianne Mørck seier dei har fått god respons på kleda sine. Ho trur at det er stort potensial for klede i fiskeskinn, men at dei fortsatt er litt tidleg ute med konseptet.

– Folk kjenner ikkje til materialet, og er dermed skeptiske, seier ho.

Lakseskinn er ei kostbar råvare, noko som driv opp prislappen på sluttproduktet.

Mørch vil vere open om korleis produkta vert til.

– Vi kan godt seie at det å bruke fiskeskinn er miljøvenleg, men då er vi avhengige av at produksjonskjeda, frå opdrett til transport, også er det, seier ho.

Foto frå MØRCK sin haust/vinter 2016-17 kolleksjon

SKINN-SKJØRT: MØRCK brukte fiskeskinn både til skjørt og vesker i haust/vinter kolleksjonen sin 2016-17.

Foto: OLE EKKER

Møster deler engasjementet for miljøvenleg produksjon.

– Det er kjekt å lage klede som syner at vi er opptekne av berekraft og miljøvern, seier han.

For den erfarne fridykkaren og sportsfiskaren var det naturleg å gå for eit materiale frå havet.

– Dette er eit biprodukt av fiskeindustrien, og det er spennande at vi kan lage eit luksusprodukt av noko som elles er lite utnytta.