Vil kjempe for nynorsken

– Eg lovar omkamp, i alle fall i nynorskfylket Sogn og Fjordane, seier fylkesleiar i KS og Balestrandordførar Harald Offerdal, om det uklare språkstandpunktet til Vestlandsregionen. Fleire har kritisert at nynorsk kan bli fortrengt til fordel for bokmål, men Offerdal vil kjempe mot. – Dette har med identitet og kulturarv å gjere. Vi sit ikkje stille og ser på at nynorsken sin posisjon på Vestlandet blir svekka slik.

Harald N. Offerdal
Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK