Eit forslag er at drikkemjølka vert køyrd til Bergen, noko som vil få konsekvensar for tapperiet på Byrkjelo. Flatjord likar ikkje at 25 årsverk kan forsvinne på Byrkjelo
– Det er ikkje noko lysteleg å høyre, samstundes så har Tine eit press mot seg frå oss som er eigarar om å drive effektivt. Så vi har også litt av ansvaret for det som skjer, men eg ynskjer ikkje at dei skal bygge ned på Byrkjelo, seier Flatjord.
Avgjerda er ikkje tatt
– Det er ikkje tatt noko avgjerd for kva som skal skje med Tine sitt anlegg på Byrkjelo. Det seier Olav Håland som er kommunikasjonsrådgjevar i Tine.
VURDER FRAMTIDA FOR MEIERIA PÅ SØR-VESTLANDET: Olav Håland er kommunikasjonssjef i Tine Sør og Tine Vest.
Foto: TineKorleis Tine skal forsyne Sør-Vestlandet med konsummjølk er no under utgreiing. Bakgrunnen er at meieriet i Bergen er gamalt og utslite.
– Vi er ikkje komne så langt at det ligg føre framlegg så langt. Vi ser no på dei ulike alternativa, seier Olav Håland, som er kommunikasjonssjef i Tine Sør og Tine Vest.
Fire anlegg er med i utgreiinga. Det er Sola i Sør, Bergen, Byrkjelo og Ålesund.
– No blir det sett opp ulike måtar å gjere dette på, så det er mange alternativ som blir vurdert, seier Håland.
Avstandar og miljø
Når Tine skal bestemme seg for kva dei skal gjere, er det fleire faktor som spelar inn.
– Tradisjonelt er økonomi viktig, men så kjem også nærleik til produsentar og marknad, og så kjem dette med miljø og utslepp av CO₂ som det og blir lagt mykje vekt på, seier Håland.
Arbeidsplassane det viktigaste
– Det viktige no blir å halde på arbeidsplassane og produksjonen i fylket. Mjølka blir uansett frakta, enten som råstoff eller som ferdig mjølk seier Flatjord.
– Kva vil de gjere frå bondelaget si side for behalde arbeidsplassane?
– Vi får no følge med på som blir lagt fram. No pågår det vurderingar og då må dei få lov å rekne på ulike alternativ. Så får vi, når dei nærmar seg ein konklusjon, prøve å påverke dei til å behalde dei arbeidsplassane som er på Byrkjelo.