Hopp til innhold

Korallstrid gjer at klimaministeren vil ha nye reglar

Hadde staten visst om unike korallar ved oppdrettsanlegg, ville Fylkesmannen ikkje gitt løyve. No vil klima- og miljøministeren vite meir om livet i sjøen.

Blomkålkorallar

KORALL: Eit 1,5 kilometer langt belte med blomkålkorall kan vere truga av oppdrett, meiner Fylkesmannen i Vestland.

Foto: Erling Svensen

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det er viktig å beskytte sårbar natur. Det er bruk for å lage retningsliner for korleis sjøbotnen kartleggast for viktige naturtypar i samband med oppdrettsanlegg, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen frå Venstre

Eit unikt og stort korallområde på vestlandskysten står i fare for å bli øydelagt av eit nytt oppdrettsanlegg, meiner Fylkesmannen.

Problemet er at staten ikkje ante at området med blomkålkorall ved Husevågøy i Nordfjord eksisterte før dei vart varsla av ein fritidsdykkar i sommar. Då hadde dei alt gitt løyve til oppdrett.

Ola Elvestuen med Oslofjorden bak seg.

VIL VITE MEIR: Klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V)

Foto: Freddy Samson Fagerheim / NRK

Fylkesmannen trekte løyvet som ei hastesak, men oppdrettsselskapet har klaga til Miljødirektoratet. Og sidan laksesmolten og anlegget alt var bestilt, har dei fått lov å sette i gang i haust.

No vedgår regjeringa at dei har for lite kunnskap om kva som er under havoverflata, og ministeren lovar å skjerpe kartlegginga.

– Eg vil ta kontakt med fiskeri- og sjømatministeren, og få laga forslag til korleis dette kan gjerast, seier Ola Elvestuen i eit skriftleg svar til SV på Stortinget.

Husevågøy
Foto: Erling Wåge / Fjordenes Tidende

– Veit for lite om sårbar natur

Heller ikkje forskarar veit nok om livet langs norskekysten. Fleire miljø har jobba med kartlegging, men dei er langt frå å vere ferdig.

– Det er ofte ein finn ting ein ikkje trudde skulle vere der, og blir overraska over korleis naturen eigentleg er, seier Sigurd Heiberg Espeland ved Havforskingsinstituttet.

Han legg til:

– Naturen er ikkje alltid slik modellane skulle tilseie.

I haust skreiv også miljødirektør Kjell Kvingedal ved Fylkesmannen i Vestland at vi veit for lite.

– Blomkålkorallane ved Husevågøy viser kor store kunnskapshol vi har om det marine naturmangfaldet, og det set fokus på svakheitene i dagens dokumentasjonskrav for søknader om løyve til forureining frå akvakultur og andre typar tiltak i sjø, skriv han i eit brev til Miljødirektoratet.

Blomkålkorall Husevågøy

UNIK: Blomkålkorall i så store menger ved ein Vestlandsfjord er heilt unikt, meiner Fylkesmannen.

Foto: Erling Svensen

Meiner det er bra at regjeringa vil gjere meir

Oppdrettssaka i Nordfjord gjer at stortingsrepresentant Lars Haltbrekken (SV) krev betre undersøkingar før ein gir løyver til oppdrett.

– Vi må få fortgang i kartlegginga av sårbar natur på havbotnen, seier Haltbrekken.

SV stilte Elvestuen spørsmål i Stortinget, og er nøgd med svaret. No krev SV at anlegget som fekk løyve blir flytta til eit anna område.

Lars Haltbrekken

NØGD: Lars Haltbrekken (SV) meiner det er rett at Husevågøy-saka får følgjer.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

– No må Elvestuen sikre naturverdiane ytst i Nordfjorden, og syte for at oppdrettsanlegget vert plassert ein annan stad, seier Haltbrekken.

Men dette vil ikkje klima- og miljøministeren svare på no.

– Dette er ei komplisert sak som reiser viktige faglege spørsmål. Eg finn det rett å sjå kva Miljødirektoratet kjem fram til i si klagehandsaming før eg vurderer å gjere noko i saka, seier Ola Elvestuen (V).