Hopp til innhold

Vil investere 150 millionar i nytt forbrenningsanlegg

– Vi har teknologien, seier Simas-direktør Hallvard Thomassen, som no vil investere om lag 150 millionar kroner for å behalde avfallsresursane lokalt.

Hallvard Thomassen

ENTUSIASTISK DIREKTØR: Hallvard Thomassen gler seg over prosjekta dei har satt i gang.

Foto: Henrik Agledal / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Sogn interkommunale miljø- og avfallsselskap, Simas, har planen klar. Innan 2018 håpar dei på eit nytt forbrenningsanlegg i regionen. Selskapet, som ligg i Festingdalen i Sogndal kommune, tar imot alt avfall i Sogn og delar av Nordfjord.

Men når dei skal kvitte seg med restavfallet må dei i dag frakte det til Sverige, nærare 900 kilometer vekke.

– Avfall er ein ressurs, og det må vi prøve å utnytte lokalt i staden for å gje frå oss både verdiskaping og arbeidsplassar.

Simas-direktør Hallvard Thomassen har sett seg lei dei mange vogntogturane dei i dag må køyre til Sverige. I år har dei allereie fått på plass ein ny hall, som pakkar avfallet betydeleg meir effektivt enn tidlegare. Men no vil han helst sleppe å sende alt til Sverige.

– Vi har funne ein teknologi som kan brukast på små avfallsmengder. Tradisjonelt er slike anlegg store, og dei arbeider med fleire hundre tusen tonn. Vi vil bygge eit lite forbrenningsanlegg og få effektivitet i det, fortel Thomassen.

Simas sin nye hall

NY HALL: I tillegg til forbrenningsanlegget har Simas fleire prosjekt på gong. Denne hallen stod klar rundt nyttår, og sørger for at avfallet blir pakka meir effektivt.

Foto: Henrik Agledal / NRK

Ønskjer å skape arbeidsplassar

Hovudmotivasjonen bak prosjektet til Simas er å skape verdiar lokalt. Det kjem til å bidra til fleire arbeidsplassar, fortel Thomassen.

– Vi ønskjer å vise at vi tar det grøne skiftet på alvor, ved å skape arbeidsplassar ut frå dei ressursane vi har. Avfall er ein ressurs, og vi kan skape rundt 30 arbeidsplassar på dei prosjekta vi jobbar med her i Sogn.

Totalt lanserer Simas fire prosjekt, dei fleste for å halde avfallet lokalt. Dette, i tillegg til å planleggje forbrenningsanlegg, kostar. Thomassen fortel at det er snakk om ei betydeleg investering frå selskapet.

– Det er nok snakk om ei investering på 150 millionar kroner, seier Thomassen, som ikkje vil gå inn på kva plan dei har for å skaffe pengane.

Ny pakkemaskin på Simas

NY MASKIN: Slik ser maskina i den nye hallen ut.

Foto: Henrik Agledal / NRK

Håpar på snarleg løysing

På Simas har dei det dei kallar eit realistisk mål om at dei skal vere i gang innan to år.

– Vi er i avslutninga på forprosjektet. Målsetjinga er at vi skal vere i gang i 2018, det er det mest realistiske å få til, fortel Thomassen, som derimot ikkje ønskjer å gå inn på kvar eit forbrenningsanlegg vil bli plassert.

– Vi snakkar om regionen vår, men meir konkret plassering vil eg ikkje gå inn på. Det blir nok klart i løpet av eit par-tre månadar. No ser vi på korleis vi kan utnytte varmen vi får frå det avfallet vi behandlar, seier Thomassen.