Hopp til innhold

Vil auke bruken av GPS-sporing av demente

Førde kommune ønskjer å auke GPS-sporing av demente. Ei 82 år gammal dement kvinne vart funnen omkomen i Førdefjorden etter å ha vore sakna sidan fredag.

Kurt Even Andersen

PILOTPROSJEKT: Førde kommune har positive erfaringar med GPS-sporing av demente og ønsker å innføre systemet og bruken permanent.

Foto: Anna Gytri / NRK

Kvinna reiste frå det kommunale husværet sitt i Førde fredag og vart meldt sakna. Etter ein større leiteaksjon gjennom helga, vart kvinna funnen omkomen i Førdefjorden søndag.

Førde kommune har ei stund delteke i eit pilotprosjekt der GPS-sporing av demente har blitt testa ut på ni personar.

– Vi har byrja å bruke både sensor og GPS der vi meiner det er behov, og der dei pårørande har ønska det, seier Kurt Even Andersen, kommunalsjef for helse og sosial i Førde kommune.

Den omkomne kvinna var ikkje med på dette pilotprosjektet.

Positiv tilbakemelding

Kommunalsjefen meiner pilottestinga har vore positiv og ynskjer at Førde kommune skal ta i bruk GPS-sporing på permanent basis.

– Folk kan leve normale liv, pårørande trenger ikkje alltid passe på, brukaren kan gå utanfor huset sitt, og vi kan finne dei igjen om dei skulle forsvinne, seier Andersen.

Førde har hatt GPS-sporing på to-tre brukarar. Erfaringane dei har hausta, og tilbakemeldinga frå pårørande og hjelpeapparatet, viser at dette er eit godt hjelpemiddel, ifølge kommunalsjefen.

– Det er ulike måtar å løyse dette på. Varslinga om at ein brukar er ute av huset, er det ofte pårørande som vil ha, andre gonger er det hjelpeapparatet som får det.

Vil innføre

I tillegg til Førde har fleire andre kommunar i Norge prøvd ut GPS-sporing.

– Vi håpar at alarmsentralen i Florø kan bli responssenteret som tek i mot og varslar hjelpeapparatet når alarmen går. Det er i alle fall det som er tanken, seier Andersen.

Berre 20–30 kommunar har teke i bruk GPS-sporing av personar med demens, trass i at lovverket opna for slikt utstyr for fire år sidan.

Årleg deltek Norsk Folkehjelp på 300 leiteaksjonar der 100 av desse er etter personar med demens.

– For den sårbare gruppa som dei med demens er det så er det inga unnskyldning å ikkje innføra det. Teknologien ligg der så det står på viljen, seier Dag Ausen i SINTEF som har forska på denne teknologien.

Leiaren i Eldrerådet i Førde syns det har gått for tregt å få på plass GPS-sporinga.

– Etter kvart har ein gått vekk frå tanken om at dette er overvaking og ein ser no at det er eit hjelpemiddel, seier Dagunn Klakegg, leiar i Eldrerådet i Førde.

Ho er positiv til planane om å få fortgang i bruken av GPS.

– Fleire andre kommunar har nytta dette i fleire år. Eg trur det kan vera eit bra hjelpemiddel, både for dei demente og dei som har ansvaret for dei, seier Klakegg.

Leiteaksjon i Førde

LEITA: Leitemannskap i elva Jølstra søker etter den sakna kvinna. 82-åringen vart til slutt funnen død i vasskanten ved Hornnes i Førdefjorden.

Foto: Anna Gytri / NRK