Vil ikkje sparke rådmannen
Lovbrota i Fjord1-saka er ikkje alvorlege nok til å få konsekvensar for fylkesrådmannen. Det seier gruppeleiarane til KrF og Sp på fylkestinget til Firda. Kontrollutvalet meiner fylkeskommunen, ved fylkesrådmann Tore Eriksen, braut lova om offentlege innkjøp med konsulentkjøpa i Fjord1-saka. Trude Brosvik i KrF meiner det blir heilt feil å sparke ein leiar som har gjort ein feil, og seier signaleffekten av det ville vere uheldig.