Hopp til innhold

Vil ikkje meine noko om sjukehuset enno

Den nye regjeringa førebels vil ikkje seie noko om kva tilbod Nordfjord sjukehus skal ha. Dei vil vente til Helse Vest har hatt saka oppe til behandling.

Anne Grethe Erlandsen om Nordfjord sjukehus

VIL IKKJE MEINE NOKO: Statssekretær Anne Grethe Erlandsen seier den nye regjeringa ikkje vil meine noko om tilboda ved Nordfjord sjukehus enno.

Foto: Montasje: NRK

Utviklingsprosjektet ved Nordfjord sjukehus har hatt som føremål å seie noko om den framtidige organiseringa av lokalsjukehus. Pilotprosjektet i Eid skal vere modell for morgondagens sjukehus, men Legeforeningen er kritiske.

Dei meiner tilbodet som er ved sjukehus på Nordfjordeid i dag, ikkje er godt nok til å kalle seg eit sjukehus.

Statssekretær Anne Grethe Erlandsen i Helse- og omsorgsdepartementet seier det er for tidleg å seie korleis tilbodet ved Nordfjord sjukehus blir.

– No er det slik at den nye regjeringa har ein stor ambisjon, og det er å lage ein ny nasjonal helse- og sjukehusplan. Den skal vere basis for korleis dette skal vere i framtida, seier Erlandsen.

Vil ikkje ha ytterlegare nedbygging

Helseplanen skal mellom anna ta for seg sjukehusstrukturen i Norge.

Dette gjeld også om Nordfjord Sjukehus som det er i dag, skal vere ein modell for andre lokalsjukehus i framtida.

– Det som er svært viktig for oss er at vi ikkje ønskjer at lokale tilbod skal bli ytterlegare innskrenka, dersom det ikkje dreier seg om tilbod som ikkje er fagleg forsvarlege. Det har vi vore tydelege på i regjeringsplattforma, seier statssekretæren.

– Kan ikkje kallast eit sjukehus

Marit Halonen Christiansen i Den Norske Legeforening.

NAMNET SVARAR IKKJE TIL INNHALDET: Den Norske Legeforeningen, og styremedlem Marit Halonen Christiansen, meiner det faglege innhaldet ved Nordfjord sjukehus ikkje svarar til det ein kan forvente å finne på eit sjukehus.

Foto: Thomas Barstad Eckhoff / Thomas Barstad Eckhoff/Den norsk

I samband med Helse Vest sin sluttrapport frå utviklingsprosjektet ved Nordfjord sjukehus har Legeforeningen kome med eit høyringssvar. Der er dei sterkt kritiske og gir uttrykk for at det faglege innhaldet ikkje tilfredsstiller det ein kan forvente seg av eit sjukehus.

– Slik Nordfjord sjukehus er no, og er lagt opp til å vere, så tilfredsstiller det ikkje det vi meiner er eit sjukehus. Vi trur heller ikkje det tilfredsstiller det folk flest vil kalle eit sjukehus, seier Marit Halonen Christiansen, sentralstyremedlem i Legeforeningen.

Ho viser mellom anna til at dei meiner akutt kirurgi må vere tilgjengeleg om det skal vere eit fullverdig sjukehus.

Ventar på Helse Vest

Statssekretær Erlandsen vil ikkje seie kva tilbod den nye regjeringa vil at lokalsjukehusa skal ha.

– Det er for tidleg for meg å seie noko om det no, seier ho.

I staden vil ho vente til Helse Vest skal gjere si vurdering av pilotprosjektet. Først etter det vil dei gjere seg opp ei meining.

– Det er dei som har ansvaret for å seie kva som er forsvarleg innanfor sitt område, og korleis det skal bli i framtida. Vi skal jobbe saman med både dei regionale helseføretaka og andre for å lage ein god plan, seier ho.