Vil ikkje gå ut med namna

Høgre vel å ikkje identifisere politikarane som er involvert i narkosaka i Bergen.

Liv Kari Eskeland

SKUFFA: Fylkesleiar Liv Kari Eskeland i Hordaland Høgre bekreftar til NRK fredag at to nye Høgre-politikarar er mistenkt i narkotikasaka. – Me har som mål å koma til botns i denne saka.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

– Vi vel å ikkje gå ut med namnet på fleire enn Erik Skutle no, seier fylkesleiar Liv Kari Eskeland i Hordaland Høgre til NRK.

Ho seier at årsaka til at dei gjekk ut med namnet til Skutle var fordi han var stortingsrepresentant og folkevald. Men når det kjem til den folkevalde bystyrepolitikaren vel dei likevel ikkje å gå ut med namnet.

Seks politikarar tilknytt Høgre i Bergen er involvert i narkotikasaka som politiet har rulla opp dei to siste vekene.

  • Førre veke vart eit medlem i Unge Høgre arrestert og sikta for sal av cannabis, som ein del av den store narkoaksjonen til politiet på vidaregåande skular i Bergen. Personen var sleppt fri av politiet tidlegare denne veka.
  • Onsdag vart tre personar arrestert og sikta for bruk av narkotika. Torsdag vart det kjent at det var stortingspolitikar Erik Skutle samt ein bystyrerepresentant for Høgre i Bergen. Tredjemann skal vera ein tidlegare Unge Høgre topp som framleis er aktiv i partiet.
  • Og i dag er ytterlegare to mistenkte kalla inn til avhøyr hjå politiet.

Vurderar omfanget

skutle

SIKTA: Stortingspolitikar Erik Skutle (H).

Foto: Larsen

Eskeland legg til at dei forstår at fleire blir mistenkeleggjort når dei ikkje går ut med namna på dei som er sikta eller mistenkt i saka.

– Vi vil vurdera i løpet av helga om vi endrar oppfatning. Akkurat no er vi mest opptekne av å finna ut omfanget av saka, seier Eskeland.

Statsminister og Høgre-leiar Erna Solberg seier til NTB fredag at ho vil venta på omfanget av siktinga mot Erik Skutle før ho går djupare inn i saka.

– Han har jo sjølv vore tydeleg på at det han har gjort, ikkje har vore riktig. Men ut over det får vi sjå når politiet vert ferdig med saka kva som er omfanget, og kva dette eigentleg til slutt endar opp med. Det veit vi jo ikkje med sikkerheit no, seier Solberg til nyhendebyrået.

Solberg seier dei følgjer opp saka med samtalar med Skutle.

– I tillegg har Bergen Høgre ein jobb å gjera for å vinna tilbake tilliten som ein trygg stad å vera for unge politiske engasjerte menneske.