Hopp til innhold

Vil ikkje ha fleire finalar i Domus

Førde volleyballklubb vil samle norske klubbar til eit felles krav om å få flytta cupfinalane vekk frå Domus Athletica.

Domus Athletica

FOR LÅGT: Fleire ballvekslingar under cupfinalen mellom Førde og Nyborg vart avgjorde av den låge takhøgda. Dette vart likevel ikkje utslagsgjevande for kampen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Førde tapte i helga 0–3 for Nyborg i cupfinalen, men etter kampen var både taparar og vinnarar opptekne av volleyballen treng ei anna storstove til slike storhendingar.

– Vi hadde eit godt eksempel i siste sett, der Kaasa (Lars Magnus, red. anm.) har ein ball som i alle andre hallar ville vore ei perfekt forsvarshandling. Her går ballen i taket, og det blir tapt poeng. Det skal vere unødvendig når ein spelar cupfinale, seier trenar Frank Roger Kalstad.

– Ikkje surmuling

Frank Roger Kalstad og Marcin Lubiejwskij

MISNØGD: Marcin Lubiejwski viste fleire gonger tydeleg misnøye med takhøgda i Domus Athletica.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Om taket i Domus Athletica hadde vore aldri så mange meter høgare, hadde nok ikkje det påverka resultatet i vesentleg grad.

Og det legg heller ikkje trenaren skjul på.

– Det var ein del ballar som vart avgjort på taket, men i dag var Nyborg rett og slett for gode. Så dette er ikkje noko surmuling fordi vi taper. Det er noko vi også har sagt tidlegare, seier Kalstad og varslar at dei no vil søke til andre norske klubbar for å samle kreftene i kravet overfor forbundet.

Ti poeng i fjor

Hallen like ved Ullevaal stadion har hatt dei fleste cupfinalar siste åra. Her er takhøgda sju meter. Under laurdagens finale uttrykte mellom andre Marcin Lubiejwski fleire gonger soleklar misnøye med takhøgda.

– Taket skulle vore heva fire-fem meter. Det er for lågt her. I fjor rekna vi på det, og då hadde vi i alle fall ti ballar som vart avgjort på at ballen gjekk i taket, seier Kalstad.

Ein som vil støtte eit slikt krav, er Ivar Bakken, trenar for dei ferske noregsmeistrane i Nyborg.

Nyborg støttar

Trenarane Ivar Bakken og Frank Kalstad.

SAMDE: Trenarane Ivar Bakken (t.v.) og Frank Roger Kalstad er samde i at cupfinalen bør spelast i ein hall med betre takhøgde.

Foto: Oddleif Løset/NRK

– Eg vil gjerne ha ein hall med god takhøgd, men fordelen her er det veldig intimt med publikum tett innpå. Det er få hallar med over sju meter takhøgd, seier Bakken og undrar seg over om Oslo Spektrum kan vere ein potensiell finalearena.

Han ser fram til helga når dei skal spele Nordisk meisterskap i ein hall med ni meter takhøgd.

– Det trur eg vi vil merke. Då kan vi spele litt meir ubundne i forsvar. No må vi liksom tenkje på at vi ikkje berre kan køyre den opp i lufta, vi må dempe den og ikkje for langt fram. Eg støttar framlegget, seier han.

Forstår klubbane

President i Norges Volleyballforbund, Stein-Gunnar Bondevik, seier han forstår klubbane.

– Ut frå sportsleg grunnlag, så er eg heilt samd. Vi såg det fleire gonger under finalen; ballvekslingar som kunne gått vidare etter veldig godt forsvarsspel, men som vart avblåst på grunn av låg takhøgd, seier han.

Få å velje mellom

– Men vi har også andre vurderingar som vi må ta i forbundet, og då har vi ikkje så mykje å velje mellom. Det er meir eller mindre totalt fråvær med hallar som har internasjonalt 12 meters takhøgd, seier han.

Førde vurderte problemstillinga også etter cupfinalen i fjor. Då utan å gjere noko vidare med det. I år vil dei ta problemstillinga opp gjennom Eliteserieforeininga. For Kalstad meiner det er naudsynt.

– Hallane er der, det handlar om å finne dei og starte planlegginga i god tid, seier han og held fram:

Har sett ned utval

– Eg skjønar poenget med å samle volleyball-Norge til eitt, men då må ein ha fasilitetar som tilseier at vi får vist sporten vår på best mogeleg måte. Arrangementet var svært bra elles med godt liv på tribunen. Då handlar det om å få ein hall som kan vere med på siste piffen.

Bondevik seier ein no har sett ned eit utval for å sjå på mogelegheitene for eit nasjonalanlegg for volleyball.

– Per i dag er ikkje det realistisk å finansiere slikt sjølv, men anleggsutvalet har som hovudoppgåve å sjå på korleis eit slikt anlegg kan realiserast i framtida, seier han.