Hopp til innhold

Vil ikkje ha dette fjellet som samlande symbol – iallfall ikkje enno

Om det ikkje var turbulens allereie, så har nye Vestland byrja å krangle om verdien av ein eigen «fylkesstein».

Storehesten

FINAST I FYLKET: – Kvamshesten er det finaste fjellet vi har i fylket, seier Knut Inge Andersen. Men han får ikkje med seg Vestland på å utnemne ein eigen fylkesstein.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Planen var å skape god PR rundt det nye fylket, seier Knut Inge Andersen, representant for Bompengepartiet i Vestland fylkeskommune.

Under møtet i Hovudutval for kultur, idrett og integrering i førre veke foreslo han ein eigen «fylkesstein» for Vestland.

Men det syntest ikkje dei andre representantane var noko god ide.

Fleirtalet i kulturutvalet uttala rett nok at det «kan vera naturleg å velja nye fellessymbol», men la til at «slike kåringar bør skje på grunnlag av folkeleg engasjement».

Dei konkluderte:

– Vi ser ikkje på det som riktig å bruka administrative ressursar på dette på noverande tidspunkt.

Hestane i Sunnfjord

MAJESTET: Storehesten (også kalla Kvamshesten i nyare tid) er namnet på det mest markante og majestetiske fjellet i Sunnfjord og ligg mellom Førdefjorden og Dalsfjorden.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Leiar i utvalet, Stian Davies (Ap) er mindre diplomatisk:

– Vi har rett og slett betre og viktigare ting å bruke tid på. Folk blir ikkje meir glad i Vestland av at vi vel ny fylkesstein, fylkesfugl eller fylkesblomster. Kven visste kva fylkessteinen til Hordaland var? Vi må ta fatt på utfordringane som folk møter i kvardagen, seier han.

Den einaste Andersen fekk med seg på forslaget var Bjarte Vatnøy frå Framstegspartiet. 13 stemte nei.

Bakgrunnen for forslaget var ei undersøking frå Lokalsamfunnsforeininga, som viser at entusiasmen for den nye fylkeskommunen i beste fall er lunken.

I tillegg viser Andersen til eit lesarinnlegg i Bergens Tidende 1. mai. Der skriv fyrstekandidatane for MDG i høvevis Sogn og Fjordane og Hordaland at dei «ikkje føler noko kjærleik til det nye storfylket», men presiserer samstundes at dei ikkje vil «avlive» det nye storfylket.

Varaordførar i fylket, Natalia Golis (MDG), på si side, sa under møtet i Fylkesutvalet denne veka at ho «ikkje vil gje seg før nokon har tatovert Vestland på armen».

Sogn og Fjordane og Hordaland

LUNKEN STEMNING: – Planen var å starte ein triveleg prosess som kunne skape god PR rundt det nye fylket, seier Knut Inge Andersen, Ei ny undersøking viser at entusiasmen for den nye fylkeskommunen i beste fall er lunken.

Foto: NRK

– Det finaste fjellet vi har

Mot dette bakteppet byrja Andersen å tenke på «ein flott blandingsstein som symboliserer det vi prøver å få til i det nye fylket.»

Heilt konkret tenkte han på den sedimentære bergarten konglomerat, som er latin og tyder «blanding».

For det fyrste ville symbolikken ikkje vere til å ta feil av. Dessutan består Kvamshesten i Sunnfjord kommune (også kalla Storehesten) av nettopp den steintypen.

– Det finaste fjellet vi har i fylket, seier Andersen.

Siv Merete Stadheim er styreleiar i Sogn og Fjordane turlag.

– Å bygge identitet til Vestland fylke med bakgrunn i den mangfaldige naturen vi har i fylket er ein ide som vi er positive til, seier ho.

Men ho vil ikkje legge seg opp i kva som bør vere fylkesfjell.

– Det tenkjer eg at politikken må ta seg av. Det finst vel knapt eit fylke som har fleire fine fjell å velje imellom enn det vi har i Vestland fylke.

Storehesten

FØRST OPP: Konkurransen Storehesten Opp blir heldt årleg, og er et løp med mål å komme først opp på toppen. Toppen er 1209 meter over havet.

Foto: Per Nikolai Solheim