Hopp til innhold

Departementa vil ikkje gjere noko i byggestriden på Søreide

Verken Landbruksdepartementet eller Kommunaldepartementet vil gripe inn for å gjere om vedtaket til fylkesmannen, som to gonger har sagt nei til at Preben Birkeland Søreide (21) får byggje hus på farsgarden.

Lars Jacob Hiim, statssekretær

BYGGESAK: Lars Jacob Hiim (H), statssekretær i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Foto: Adrian Dahl Johansen / NRK

– Dette er ei sak som vert behandla lokalt, og det er ikkje grunnlag for departementet til å gripe inn, seier Lars Jacob Hiim, statssekretær i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Måndag fortalde NRK om Preben Birkeland Søreide (21) som ville bygge hus på heimegarden i Søreide – ei fråflyttingstruga bygd på sørsida av Sognefjorden i Høyanger kommune. Kommunepolitikarane sa ja, medan fylkesmannen sette ned foten. Tysdag melde fylkesmannen at dei ville sjå på saka på nytt.

– Viss vi skal gripe inn må det vere fordi det er gjort eit ugyldig vedtak, og det har vi ingen grunn for å seie at det er gjort her, seier Hiim.

Har vekt oppsikt

Det har vore mange kritiske røyster til at fylkesmannen sitt nei, blant anna frå Liv Signe Navarsete (Sp), som meiner at tilflytting av og til er viktigare enn jordvern.

Det synast Lars Jacob Hiim er oppsiktsvekkande.

– Her er det openbert nokon som har veldig dårleg hugs, eller så ønskjer dei ikkje å hugse, seier Hiim.

Så seint som i fjor behandla Stortinget eit forslag om å gje kommunane større skjønn til å avgjere denne type saker.

– Det vart nedstemt av blant anna Sp, seier han. No viser det seg at dei lovene ein vedtek får konsekvensar, og det kan hende nokon synast det er litt ubehageleg å sjå det i praksis, seier Hiim.

Hiim seier regjeringa ønskjer at kommunane i større grad skal kunne ta slike avgjerder sjølve.

– Vi stolar på at dei kjenner situasjonen best og kvar det er viktig å gje disposisjon for dei mindre tiltaka, sånn som i denne saka, seier Hiim.

Preben Birkeland Søreide (fremst), Arve Søreide (midten) og Petter Sortland

FÅR IKKJE BYGGE: 21 år gamle Preben Birkeland Søreide ynskjer å bygge hus på denne tomta på farsgarden. Så langt har Fylkesmannen vendt tommelen ned.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Har vore i kontakt med Fylkesmannen

Kommunaldepartementet har vore i kontakt med Fylkesmannen for å høyre kvar saka står.

– Så vidt vi veit er det kontakt mellom kommunen og fylkesmannen. Vi legg oss ikkje opp i detaljane rundt det, seier Hiim.

Er det freistande for regjeringa å ta ein omkamp på dette?

– Det kan hende vi vil sjå på regelverket på nytt. Ut ifrå reaksjonane vi ser frå opposisjonen i denne saka, kan det hende vi kan få nokre endringar som gjer at denne type saker kan bli behandla på ein anna måte i framtida. Vi meiner at dei lokale skal ha eit større skjønn, seier Hiim.