Fylkeskommunen har betalt ut 300.000 kroner til konsulentane, utan å krevje innsyn i bilag. Stein Malkenes i Miljøpartiet dei grøne reagerer sterkt.
– Det skulle no berre mangle i ei så betent sak som Fjord1-saka. Alle partane ville tene på at det no vart laga eit openheitsregime, og at ein ikkje prøver å skjule dokument, som kontrollutvalet i dette tilfelle bed om, som seier Malkenes
Kravde ikkje innsyn
Utan å krevje innsyn i bilag, har
Leiaren i kontrollutvalet, Frank Willy Djuvik (Frp), sende i byrjinga av februar eit brev til fylkesrådmann Tore Eriksen, der han mellom anna bad om at alle bilag blir lagde fram til møtet i kontrollutvalet i morgon. Men dette vil ikkje skje. I utgreiinga skriv fylkesrådmannen at fylkeskommunen som rutine ikkje krev bilag eller underbilag ved tilsvarande utbetaling til andre leverandørar, til dømes frå advokatfirma.
- Les også:
Malkenes har svært litens sans for måten fylkesrådmannen handterer saka.
KREV OPENHEIT: Stein Malkenes i Miljøpartiet dei grøne.
Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK– Ingen er tente med å halde ting skjult. Det trur eg også fylkesrådmannen inst inne forstår, at han vil tene både seg sjølv og fylkeskommunen, ved å vere open i denne saka og spele på lag med kontrollutvalet, seier Malkenes.
Uråd å kontrollere
I fakturaspesifikasjonane frå Fjord1-konsulentane går det fram at utlegga omfattar mellom anna flyreiser, hotellovernattingar og servering. Men ingen bilag er lagt ved, så det er uråd å kontrollere kva pengane verkeleg har gått med til.
- Les også:
Slik fylkesrådmann Eriksen ser det i saksutgreiinga, er konsulentane sine utgifter tilfredsstillande dokumentert, utan at bilaga er kontrollerte. Fylkesrådmannen ønskjer ikkje å uttale seg om saka før møtet i kontrollutvalet på torsdag. Men han uttale mellom anna følgjande til NRK i byrjinga av februar.
– Vi veit jo kva reiser dei har og kva aktivitetar dei har. Konsulentar må som oss andre ha mat, har dei då ete eit måltid på ein tur til Brønnøysund så er det rimeleg at det blir ført opp på ei rekning, men vi har ikkje behov for å vite kva dei har ete, seier Eriksen.
Og Eriksen presiserte at han ikkje tek sjølvkritikk i saka og at praksisen med ikkje å krevje innsyn i bilag godkjent av fylkeskommunen sin revisor.
Likar ikkje praksisen
Heller ikkje fylkespolitikar Alfred Bjørlo likar fylkesrådmannen si handtering av saka.
LIKAR IKKJE PRAKSISEN: Fylkespolitikar Alfred Bjørlo (V).
Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK– Eg registrerer at fylkesrådmannen held fast ved at det ikkje er praksis i fylkeskommunen for å krevje bilag ved denne typen utbetalingar og oppdrag frå konsulentar og innhyrte rådgjevarar. Det tykkjer eg framstår som veldig merkeleg. Difor er det bra at den no kjem på kontrollutvalet sitt bord.