Hopp til innhold

Vil ikkje gi innsyn i havvindsøknader

Regjeringa seier det blir «urimeleg arbeidskrevjande» å gi innsyn. Fiskenæringa er kritisk.

Havvind til besvær

FOR MYKJE JOBB: Departementet synest det blir for mykje arbeid å gi innsyn i havvindsaker og ønskjer å droppe dette.

– Vi reagerer på forslaget, seier Espen Jacobsen i interesseorganisasjonen Fiskebåt.

Dei er sterkt imot regjeringa sitt forslag om å innskrenke innsynsretten i havvindsaker.

Jacobsen fryktar det kan kome utbyggingar som kan skade fisken og fortrenge fiskeflåten, dersom dei ikkje får innsyn i søknadane.

«Urimeleg arbeidskrevjande» å gi innsyn

Søknadsfristen for havvindområda Utsira Nord og Sørlige Nordsjø II går snart ut.

Det er første gong det skal vere ein konkurranse om prekvalifisering og tildeling av prosjektområde for vindkraft til havs.

Les også Enighet om havvind: Regningen kan ende på 23 milliarder

Jonas Gahr Støre (Ap) ved siden av det norske flagg. I bakgrunnen en vindmølle på havet.

Når alt av søknader og papir ligg på bordet, vil interesseorganisasjonar, media og andre banke på døra og be om innsyn i søknadane.

Men dette arbeidet ser departementet mørkt på.

I høyringsnotatet viser dei til at «tausheitsbelagde opplysningar truleg vil utgjere størstedelen av dokumenta, eller at det vil vere urimeleg arbeidskrevjande for departementet å skilje ut den tausheitsbelagde informasjonen»

Olje- og energidepartementet foreslår difor å endre forskrifta i offentlegheitslova.

Om dette går igjennom, vil det ikkje bli innsyn i saker om prekvalifisering og tildelingar av prosjektområde for vindkraft til havs.

Statssekretær Andreas Bjelland Eriksen (Ap) seier forslaget vil utsetje moglegheita for å få innsyn til etter at tildelinga er gjort.

Espen Jacobsen i Fiskebåt, er kritisk og synest det heile er spesielt.

– Vi snakkar om ei næring som kan få subsidiar i milliardklassen. Vindkraft har også stor allmenn interesse, og dette er departementet sjølve inne på når dei skriv at dei forventar mange innsynsoppmodingar.

– Skremmande argumentasjon

EnergiWatch-redaktør Anders Lie Brenna reagerer på bakgrunnen for at regjering vil droppe innsyn.

– Eg synest det er skremmande å lese argumentasjonen, seier han til Journalisten.

Les også Her åpnes det for utredning av vindturbiner til havs

Han viser til at regjeringa vil bruke 23 milliardar kroner på eitt havvindområde, samt eit ukjent tal milliardar på neste område.

Totalt vil det vere snakk om 10- 12 søknader til området, og at avsendaren må sladde boda sjølv.

– Dersom departementet ikkje har tid og råd til å følge opp innsyn når det dreier seg om milliardbeløp, kan ein lure på når dei kan ta seg tid og råd, seier han til Journalisten.

Høyringsrunden varer fram til 13. oktober.

Les også Havvind kan koste deg og meg «fleire titals milliardar»