Hopp til innhold

Vil ikkje forby «pøbelgran»

Fagfolk vil ikkje forby planting av den omstridde sitkagrana – også kalla «pøbelgran» hos dei som vil ha den fjerna frå norsk natur.

Sitkagran ved Oslo

STORSTILT PLANTING: På 50- og 60-talet vart det planta ut enorme mengder sitkagran over heile landet. No meiner kritikarane at grana øydelegg for andre tre og plantar og at den legg store område aude.

Foto: (cc) Terje Solbakk / flickr.com/29917491@N08

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Det er få treslag i norsk natur som er å mykje omdiskutert som sitkagrana. Den nordamerikanske grana kom til Noreg på 50-talet og vart planta ut i stor stil.

Fleire stader i landet vert det arrangert dugnad for å hogge ned sitkagran.

– Det er få som likar sitkagrana. Ho stikk, lagar tette teppe og du kan ikkje lenger gå tur der denne grana har teke over, sa Martin Søgnen til NRK i fjor sommar under ein hogstdugnad på øya Silda i Vågsøy.

I vinter fekk Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet i oppgåve å greie ut eit eventuelt forbod mot planting av utanlandske treslag i Noreg.

Dei to direktorata tilrår at det ikkje vert lagt ned forbod. I staden meiner dei at streng regulering av planting vil gi betre kontroll. I dag er det slik at alle som ønskjer å plante denne typen tre må ha løyve.

Direktør for Miljødirektoratet Ellen Hambro.

NEI TIL FORBOD: Direktør Ellen Hambro i Miljødirektoratet meiner at dagens regelverk er godt nok.

Foto: Fotograf John Petter Reinertsen / Klif

Lite planting av sitkagran

Direktoratet vil heller ikkje ha forbod mot enkelte treslag.

– Løyve til planting vert ikkje gjeve om den får store uheldige følgjer for det biologiske mangfaldet. Dagens regelverk sikrar at planting ikkje skjer i område der den kjem i konflikt med trua naturtypar, seier direktør i Miljødirektoratet Ellen Hambro i ei pressemelding.

Ho syner til at det i 2018 vart gjeve løyve til å plante ut 108 dekar av slike treslag. I toppåra vart planta det planta opp mot 25.000 dekar i året av sitkagran åleine.

– Stor miljøgevinst

Fagfolka meiner og at det er ein stor miljøgevinst ved å ikkje innføre forbod. Utanlandske treslag veks raskare og gir større biomasse enn til dømes norsk gran, og gir difor større opptak av CO₂.

– Skogreisinga i førre hundreår har ført at vi i dag har eit stort meiropptak av CO₂. Eit forbod mot utanlandske treslag ville føre til at vi i framtida går glipp av ein potensiell klimagevinst. Den økonomiske konsekvensen av eit forbod er heller ikkje uvesentleg for skogeigarar og treforedlingsindustrien, seier administrerande direktør Jørn Rolfsen i Landbruksdirektoratet.

Erik Solheim

SKEPTISK: Erik Solheim i Naturvernforbundet fryktar sitkagrana vil spreie seg meir om det ikkje kjem eit forbod.

Foto: NRK

– Diskutabel påstand

Erik Solheim i Naturvernforbundet ønskjer eit forbod, og er overraska over at direktorata ikkje går for det.

– Sitkagrana spreier seg så fort at det er uråd å halde kontroll med den. Samstundes ser vi at den på kysten ikkje blir til skog, men berre kratt. Den har heller ikkje særleg verdi som bygningsmateriale, seier Solheim til NRK:

Om grana sitt bidrag til å fange opp CO₂ hevdar han at dette er ein påstand som er vanskeleg å avlive. Ifølgje Solheim er skilnaden mellom sitkagrana og andre treslag så liten at det ikkje veg opp for ulempene.

Han fryktar no for at politikarane på Stortinget vil lytte til direktorata og ikkje innføre forbod.

– Om det ikkje kjem eit forbod og vi får ei slapp oppfølging når det gjeld å gi løyve til planting, så kan dette føre til at vi får endå meir sitkagran i norsk natur.