Hopp til innhold

No vil han høyre folket sine meiningar

LEIKANGER (NRK): Aleksander Øren Heen (Sp) er sterk motstandar av ei samanslåing av fylka på Vestlandet. No legg han motviljen på vent og ber saman med resten av fylkespolitikarane folket i Sogn og Fjordane om råd.

Aleksander Øren Heen

VIL VITE KVA FOLKET MEINER: Aleksander Øren Heen er budd på å få inn høyringssvar som både er positive og negative til ei samanslåing av fylka på Vestlandet.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Eg trur mange meiner at dagens fylke fungerer godt, og vil seie det i ei høyring, seier han.

Fylkesordførarane i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane har skrive under på ein intensjonsavtale om samanslåing. På eit møte i fylkesutvalet i dag gjekk politikarane samrøystes inn for at avtalen skal sendast ut på høyring.

– Det er viktig at innbyggjarane får sagt si meining om dette er ein avtale ein ønskjer å gå inn i, seier Øren Heen.

Vil ha folkerøysting

Samtidig som han no er med på å be folket om råd, har han ikkje lagt skjul på at han er ein sterk motstandar av heile regionreforma. Med kommunalminister Jan Tore Sanner i bresjen blir det lagt opp til at dagens 19 fylke skal bli til rundt ti regionar.

Øren Heen har sagt at han er imot ei samanslåing av fylka på Vestlandet, at han vil stemme imot og at han ønskjer ei folkerøysting om avtalen. Ingenting av dette tok han opp i dagens møte.

– Dette var ikkje møtet for å ta den debatten, seier Sp-politikaren og opnar for å ta til orde for ei folkerøysting seinare.

– Men viss du er så imot, så kunne du ha sagt: Nei, avtalen er for dårleg, vi sender den ikkje på høyring. Vi stemmer her og no.

– Det kunne vi sjølvsagt ha gjort, men eg trur det er bra å få engasjert innbyggjarane i ei så viktig sak. Uansett kva vi måtte meine. Eg håpar innbyggjarane seier klart frå, slik at vi politikarar kan ta eit godt val i desember, seier han.

Får ikkje støtte

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes

VIL STÅ ÅLEINE: Fylkesleiar i Arbeidarpartiet, Hilmar Høl, skisserte i møtet at partiet framleis har mest lyst til at Sogn og Fjordane skal halde fram som eige fylke. Fylkesvaraordførar for Ap, Åshild Kjelsnes (biletet), seier partiet no skal ha ein brei prosess om spørsmålet.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK
Jenny Følling

HÅPAR PÅ ENGASJEMENT: – Eg håpar folk nyttar høve til å sende innspel, ut frå det ein ser som det beste for fylket. Men også sett i lys av vedtaket som Stortinget har gjort, seier Jenny Følling (Sp).

Foto: Bård Siem / NRK

Fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes (Ap) verkar ikkje å ha noko sterk tru på ei folkerøysting.

– Ei høyring, der du kan sende ut eit høyringsbrev og stille ein del spørsmål som kan gje grunn til refleksjon, er ein betre måte å gjere det på, seier ho.

Sjølv om ei folkerøysting har vore nemnt av fleire, var det ingen av partia som fremja forslag om det i dagens møte. Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) avviser langt på veg at det blir aktuelt på noko tidspunkt.

– Ved å sende dette ut på ei brei høyring, så får vi dei innspela som fylket treng. Så må vi ta ei avgjerd og gje regjeringa eit råd.

Fylkespolitikarane håpar no flest mogleg seier sitt i høyringa.

– Eg håpar innbyggjarar, lag, organisasjonar, ja, alle, seier si meining, seier Øren Heen.

Heilt formelt er det fylkestinget som i møte 18. desember endeleg skal bestemme om avtalen blir sendt ut på høyring.