Hopp til innhold

Vil ha turistskatt på plass til neste sommar: – Det er ikkje berre kjekt å ha turistar i området

Ein turistskatt vil løyse opp i motsetnadene mellom fastbuande og turistar, meiner SV. – Elendig timing, svarar NHO.

Supphellebreen

HER KJEM TURISTAR: Til Supphellebreen i Sogn kjem turistar valfartande for å sjå på breen, og gå seg ein fjelltur.

Foto: Merete Høidal / NRK

I årevis har Ivar Supphellen og dei andre grunneiarane i Supphelledalen i Sogn, slitt med turistar.

I hordar flokkar dei seg for å sjå på den mektige Supphellebreen, og vandre i fjellet.

Turistane legg att avføring, dei parkerar der det passar dei, og er generelt til bry for lokalbefolkinga, seier han.

– Det er ikkje berre kjekt å ha turistar i området, det er ikkje alle som kan å oppføre seg, seier Supphellen.

No vil han få noko att for alle dei besøkande.

Vil ha øyremerka turistskatt

Sosialistisk Venstreparti meiner dei har løysinga. Dei vil ha ein turistskatt der inntektene var øyremerkte ei finansiering av til dømes toalett eller parkering. Det kunne tona ned spenningane mellom grunneigarar og turistar, meiner dei.

– Dei aller fleste land i Europa har ein slik turistskatt, og det er ikkje noko grunn til at vi ikkje skal ha det i Noreg, seier Torgeir Knag Fylkesnes, stortingsrepresentant for SV.

I overturistifiserte Venezia er det til dømes ein turistskatt på 3 euro på rolege dagar og opp til 10 euro på dei verste dagane, ifølgje kommunen.

Fylkesnes og SV veit ikkje korleis dei vil at den norske turistskatten skal vere, men ber regjeringa greie det ut. Dei ser føre seg at det skal vere opp til å kommunane å bestemme om dei vil ha ein slik turistskatt eller ikkje.

Mest truleg er dei populære turistkommunane på Vestlandet og i Nord-Noreg som vil vere mest aktuelle, seier Fylkesnes.

Villcamparar har sett opp telt langs vegen i Lodalen i Stryn. Mange bilar står parkert langs vegen.

MYKJE TELTING I SOMMAR: I sommar har det vore mange som har telta i naturen, og SV trur ein turistskatt vil gjere det lettare for kommunar å skåne naturen. Dette er frå Loen i Stryn i sommar.

Foto: Roy Aron Brenvik Myklebust / Fjordingen

NHO: – Elendig timing

Han får motbør frå NHO Reiseliv. Dei organiserer reiselivsverksemder over heile landet, og har lenge vore kritiske til ein turistskatt.

Dei er ikkje meir positive no.

– Dette var eit dårleg forslag førre gong SV foreslo det, og det er eit endå dårlegare forslag no som hotell og restaurantar held på å gå konkurs, seier Ole Michael Bjørndal, fagsjef for næringsliv i NHO reiseliv.

NHO fryktar at det samla kostnadsnivået skal bli så høgt at turistar kjem til å velje vekk Noreg, til fordel for billegare land.

– Dei har jo ikkje turistskatt i Sverige eller Danmark, så det vil vere konkurransevridande til ulempe for Noreg. Dessutan er overturisme er eit veldig lite problem i Noreg. Det er berre eit problem på nokre veldig få stader, ein veldig liten periode i året, seier Bjørndal.

Torgeir Knag Fylkesnes

VIL HA SKATT: Torgeir Knag Fylkesnes og SV tykkjer det er rart at Noreg ikkje har turistskatt, når mange andre europeiske land har det.

Skal teste ut i Sogn

Allereie neste sommar kan verdsarvfjordane Nærøyfjorden i Sogn og Geirangerfjorden på Sunnmøre blir med på eit prøveprosjekt for å teste ut ein turistskatt.

– Det er framleis nokre godkjenningar som skal på plass, men vi har eit håp om det neste sommar, seier Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord.

Målet er å finne ut kva slags verknader ein slik avgift vil få.

– Vi har studert korleis dei gjer det i andre land, og kva effekt avgifta vår. Det mest aktuelle i Noreg er kanskje å ha ei ordning der du betalar ei avgift når du reiser inn i eit område, og så kan lokalbefolkning sleppe unna til dømes ved hjelp av ei autopassbrikke, seier Brandshaug.