Hopp til innhold

Vil ha treski på prestisjefylt UNESCO-liste

Ein liten gjeng entusiastar kjempar for å halde liv i den klassiske skimakartradisjonen. Og meiner treski kan fungere vel så bra på påsketuren som moderne randonee-ski.

Treski

UTANFOR LØYPE: Kald laussnø er det beste føret for å utnytte eigenskapane til treskia.

Foto: Torje Bjellaas

– Du kan gå i kupert og vekslande terreng, fordi du ikkje treng å ta av og på ein fell når du er ute og går. I laussnøen vil du ikkje ha noko problem med å ha nok gli på ei treski, seier Thomas Aslaksby.

Han er treskimakar og jobbar for at den gamle skikulturen skal overleve.

Dei siste åra har han oppdaga at interessa for dei klassiske skia er aukande.

– Innanfor enkelte miljø er det «inn». Folk er meir nysgjerrige, verkar det som. Før vart vi kanskje møtt med at dette såg veldig gamaldags ut eller at det her var rart.

Treski og binding

AUKANDE INTERESSE: Breie treski fungerer særskild godt i kald laussnø. Fleire oppdagar no den klassiske måten å gå på ski på.

Foto: Torje Bjellaas

UNESCO-liste

Dei mest ivrige i treski-miljøet i Noreg jobbar no med å kome med på Unesco immaterielle kulturarvliste. Ein omstendeleg prosess som er venta å ta 4-5 år. Lista er laga for å ta vare på song, dans, tradisjonar og språk som er i ferd med å forsvinne på grunn av globalisering og skiftande livsstilar.

– Alle har eit forhold til ski. Og for at nokon skal kunne gå på ski må nokon lage dei. Historia og kunnskapen må bli teken vare på, seier Tarjei Gjelstad.

https://tv.nrk.no/serie/dagsrevyen/202004/NNFA02040420/avspiller#t=33m58s

Treski-entusiastar. Tarjei Gjelstad og Terje Planke.

TRADISJON: Terje Planke (t.v.) og Eldar Heide vil ikkje la treskitradisjonen gå i gløymeboka.

Foto: Torje Bjellaas

Lang historie

Allereie for 4000 år sidan gjekk folk i Noreg på ski. Det finst spor etter den mykje omtalte Rødøymannen - rissa i stein i Rødøy i Nordland fylke. Den gong vart skia først og fremst brukt som framkomstmiddel eller til å gå på jakt.

I filmen «Birkebeinerne» vart dei klassiske treskia framheva, då birkebeinarane Torstein Skevla og Skjervald Skrukka frakta kongssonen Håkon Håkonsson til Nidaros i 1206.

Filmen Birkebeineren

FLUKT PÅ TRESKI: I 2016 kom filmen Birkebeinerne, som viser den dramatiske flukta på treski. Kongssonen Håkon Håkonsson måtte fraktast i tryggleik til Nidaros i 1206.

Foto: Paradox

Mange reknar Sondre Norheim frå Morgedal i Telemark som den store pioneren innan moderne skisport. Han var ein meister i å køyre telemark og utvikla utstyr som skibindingar rundt hælen.

Thomas Aslaksby sin viktigaste motivasjon for å støtte ein UNESCO-søknad, er likevel å få fram bruksverdien av treskia i dag.

Thomas Aslaksby, treskientusiast

EKSPERT PÅ TRESKI: Thomas Aslaksby har laga treski sidan byrjinga på 90-talet.

Foto: Torje Bjellaas

– Min motivasjon er å skape merksemd rundt skimaking og heiltreski for å vise at dette ikkje er gamaldags. Det er mange som er interessert i den type skigåing, eigentleg - altså det å bevege seg utanfor løype. Og då kan ein bevege seg i eit anna terreng enn med andre typar ski for topptur.

Treski

FULL GARASJE: Thomas Aslaksby har garasjen full med treski han har laga sjølv.

Foto: Torje Bjellaas

Trongt nålauge

Entusiastane jobbar no med å utarbeide ein søknad som først skal vurderast av Kulturrådet. Dei er avhengig av godkjenning derfrå for at søknaden skal behandlast av UNESCO. Så langt har berre to prosjekt i Noreg hamna på UNESCOS immaterielle kulturarvliste.

Treski

MODERNE BINDINGAR: Ein del av dei yngre ønsker å prøve ut skieigenskapane til dei klassiske treskia. Men vil ha meir moderne bindingar.

Foto: Torje Bjellaas

Dag Feldborg har kome med råd i den søknadsprosessen som no går føre seg.

– Det er ein lang veg og ikkje lettvint. Det må jobbast systematisk og grundig - over tid. Eg har trua på dei. Det er viktig å få fram kva verda vinn ved å ha denne kulturaktiviteten gåande.