Hopp til innhold

Vil ha tilbake førarkortet etter dødsulykka i Kjølsdalen

Tre månader etter ulykka i Kjølsdalen, der to kvinner miste livet, ber sjåføren om å få førarkortet tilbake. Samstundes har politiet utvida siktinga fordi dei meiner mannen køyrde i ruspåverka tilstand.

Bilulukke Kjølsdalen

MISTE LIVET: To kvinner miste livet i ulukka i Kjølsdalen i romjula i fjor.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Politiet gjennomførte eit nytt avhøyr av den sikta bilføraren onsdag kveld, der mannen møtte saman med forsvarar Oscar Ihlebæk.

Mannen i 50-åra er frå før sikta for aktlaust drap etter at to kvinner omkom i ein påkøyrsel på ein gangveg i Eid kommune i romjula.

Siktinga er no utvida til å også gjelde køyring i ruspåverka tilstand, opplyser politiet i ei pressemelding. Sikta nektar på si side straffskuld.

– Bakgrunnen er at vi har fått svar på blodprøve, seier lensmann i Nordfjord, Tormod Hvattum.

– Vi betraktar dette som alvorleg, seier han.

Ber om førarkort

Samstundes vart det i dag gjennomført eit rettsmøte i Sogn og Fjordane tingrett, fordi mannen ønsker å få førarkortet sitt tilbake før saka eventuelt skal opp til hovudforhandling.

Forsvarar Oscar Ihlebæk seier mannen bur saman med mora si, fleire kilometer frå næraste butikk. Og at han må bruke drosje for å handle naudsynte matvarer. Mora har ikkje førarkort og slit i tillegg med helseplager, ifølge advokaten.

– Han, og ikkje minst mora hans, slit med å få tilgang til alminnelege daglegvarer som følge av at det er teke beslag i førarkortet. Når ein bur slik til som han og mora, så skjønar ein at førarkort er nyttig.

– Har han forståing for at det kan bli oppfatta som kontroversielt at han får førarkortet tilbake, så lenge han er sikta i ei alvorleg sak?

– Ja, han forstår det. Domstolen må her gjennomføre ei interesseavveining med omsyn til kva som er rimeleg og fornuftig. Omsynet til han og ikkje minst mora – opp mot folk si alminnelege rettsoppfatning rundt det å levere tilbake førarkortet.

– Føler han seg sjølv trygg på at han ikkje vil hamne i ei tilsvarande ulykke igjen?

– Eg har ei klar forståing av at denne hendinga, som er årsaka til at vi står her i dag, har verka sterkt inn på han på alle moglege måtar, seier Ihlebæk.

  • Sogn og Fjordane tingrett vil ta ei avgjerd på om mannen får tilbake førarkortet fredag.

Erkjenner ikkje straffskuld

Lensmannen i Nordfjord, Tormod Hvattum, ønskjer ikkje å seie noko om kva type ruspåverknad det er snakk om, eller kva det har hatt å seie for utfallet av hendinga.

Tormodd Hvattum

UTVIDAR SIKTINGA: Etter nye prøvesvar utvidar politiet siktinga mot føraren i 50-åra. Politiet ventar no på eksterne rapportar før eventuelle nye etterforskingssteg, seier lensmann i Nordfjord Tormod Hvattum.

Foto: Silje Guddal / NRK

Mannen vart først avhøyrd kort tid etter ulykka. Politiet vil i dag ikkje å gi ytterlegare opplysningar om kva som kom fram i det nye avhøyret onsdag kveld.

– Vi ønskjer ikkje å gå inn på dette, seier Hvattum.

Ihlebæk seier til NRK at klienten hans forklarte seg grundig i avhøyret.

– Sikta forklarte seg uttømmande gjennom politiavhøyret som varte i tre timar. Han vart framlagt nye dokument, og svarte på spørsmål.

– Korleis tek han den utvida siktinga?

– Det er tøft for han, seier Ihlebæk.

Han ønsker ikkje å kommentere kva klienten hans har forklart rundt svara på blodprøva.

Ventar på rapportar

Oscar Ihlebæk meiner saka har teke for lang tid.

– Eg synest det er beklageleg, ikkje minst av omsyn til dei er pårørande. Det er beklageleg for alle partar at denne saka har hatt ei sein framdrift, seier Ihlebæk til NRK.

Hvattum er ikkje samd i at politiet har brukt for lang tid.

– Etter vårt syn har ikkje saka teke lang tid. Politiet har vore ferdig med dei etterforskingsstega som vi stort sett rår over, og vi ventar på eksterne rapportar, Vi snakkar om tre månader, og det relativt kort tid i den samanheng, seier han.

– Kva skjer vidare i saka?

– Vi ventar på eksterne rapportar. Når vi får det, tek vi ei vurdering om det er ytterlegare etterforskingssteg vi skal gjere, seier Hvattum.

Rapportane politiet ventar på er mellom anna sakkunnig-uttaler knytt til køyretøyet, opplyser lensmannen.