Hopp til innhold

Vil ha svar om 10-åring på avvegar

- Vi må ha ein gjennomgang av både barnevernet og politiet sine rutiner dersom barn rømmer, krev stortingspolitiker Kjersti Toppe (Sp)

10-åring alene ute midt på natta

Ho reagerer sterkt på historia NRK fortalde fredag, der det kom fram at ein 10 år gamal gut vandra åleine langs E 16 utan at korkje politi eller barnevern fann det naudsynt å rykka ut med det same.

Fekk ikkje hjelp

Kjersti Toppe

Kjersti Toppe reagerer på at ein 10-åring gjekk ute åleine midt på natta.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Eit ektepar som var på veg til Seljord og kom kjørande over Voss nattestid, reagerte instinktivt ved å ringa politiet. Der var det ikkje mykje hjelp å få, og dessutan meinte politiet at barnevernsinstitusjonen der guten budde hadde kontroll over situasjonen.

Dei hadde ifølgje ekteparet fått beskjed om at tiåringen ofte tok seg lange spaserturar om natta.

Les saka her: Møtte 10-åring ute midt på natten

Krev gjennomgang

No vil Toppe ha svar, både frå Barnevernet som hadde ansvaret for guten som bur på institusjon på Voss - men òg politiet, som berre hadde sovande vakt på Voss og føreslo å senda ein patrulje frå Åsane.

Toppe seier det er naudsynt med ei gjennomgang av kva politit og barnevernet gjer i slike rømningssaker, og at det må skje på eit nasjonalt plan - ikkje berre her i fylket.

(SJÅ VIDEO FRÅ STEDET HAN BLEI FUNNE)

Video FORSVANT FRA BARNEHJEM