Hopp til innhold

Vil ha strengare miljøkrav på verdsarvfjordane

Myndigheitene må stille strengare krav til fartøya som får trafikkere verdsarvfjordane, seier leiar i verdsarvrådet, Jan Ove Tryggestad.

"Ampere"

NULL UTSLEPP: Batteriferja «Ampere» går no mellom Lavik-Oppedal i Nordfjord, eit resultat av strenge krav i anbodet. No ønskjer verdsarvrådet tilsvarande krav til ferdselen på verdsarvfjordane.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Jan Ove Tryggestad

GRØNARE TIDER: Leiar i Verdsarvrådet, Jan Ove Tryggestad håpar Nærøyfjorden og Geirangerfjorden kan bli fyrtårn i satsinga på ny miljøvenleg teknologi.

Foto: Trond Vestre / NRK

Ved neste anbodsperiode bør samferdsleutvala stille krav om nullutsleppsferjer, meiner han.

– Verdsarvområda er unike, det er nokre av dei flottaste områda som er på denne jordkloden. Då er det enno viktigare at vi set dei naudsynte krava for framtidig ferdsel på desse fjordane, seier Tryggestad.

Oljenedtur kan vere løysinga

Til neste år kjem ein flunkande ny el-hybridbåt til å frakte passasjerar på Nærøyfjorden
og Aurlandsfjorden
. The Fjords, eit selskap eigd av Fjord1 og Flåm AS, står bak konseptet, som er bygd av Brødrene Aa i Hyen.

– Eg håpar det skal vere starten på ei ny tid, seier Tryggestad.

Årsaka til optimismen heng òg saman med nedgangen i oljebransjen. Tryggestad håpar lyse hovud som no vert ledige kan nyttast til å skape grønare teknologi på fjordane.

– Viss vi kan få både fagmiljøa og sentrale politikarar til å ta fat i dette, så kan vi bruke Nærøyfjorden og Geirangerfjorden som eit fyrtårn for miljøtenking, seier han.

Brødrene Aa

MILJØVENLEG: Brødrene Aa i Hyen gjer stor suksess med miljøvenleg teknologi inspirert frå flyindustrien.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Kan bli ei vekstnæring

Han ser med glede på at stormaktene i Paris i førre veke endeleg greidde å vedta ein felles klimaavtale. Tryggestad trur dette er starten på ei oppvakning.

– Viss vi tek ut det beste av den teknologien vi har på Nordvestlandet når det gjeld å byggje båtar, så trur eg dette til og med kan bli ei vekstnæring, seier han.

Men før dei kommersielle kreftene eventuelt tek over, håpar Verdsarvrådet at nullutsleppsferjer no blir eit krav.

– Dette er ikkje noko vi greier på eitt eller to år. Men vi må starte prosess slik at vi kan få desse nye båtane og dei nye teknologien til å bli ein del av kvardagen på verdsarvfjordane, og ikkje berre ein enkel båt.