Hopp til innhold

Raudt meiner bukken passar havresekken i norsk natur

Stortinget krev endringar i korleis norsk natur blir kartlagt før store utbyggingar. Vindkraftbransjen rasar mot at Raudt dreg integriteten til fagfolk i tvil.

VINDKRAFT: Vindkraftverket like ved Florø vart opna i 2020.

VINDKRAFT: Anlegget utanfor Florø vart opna i 2020.

Foto: Tore Meek / NTB

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Kvar og ein forstår jo at når ein utbyggar betalar for å få kartlagt naturverdiane, og selskapet er avhengig av utbyggar sine pengar, så passar bukken havresekken, meiner leiaren i Raudt, Bjørnar Moxnes.

Før natur kan byggast ned er utbyggar lovpålagd å kartlegge naturverdiane. Resultatet kan vere avgjerande for løyve. Konsulentselskapa, altså dei som gjer jobben, skal vere uavhengige. Men kundane deira er utbyggarane sjølve.

Regelverket er likt for alle byggesaker, anten det er kraftutbygging, vegar eller bustadområde. Tidlegare har konsulentar fortalt til NRK at systemet løner dei som finn minst å bevare.

Hennøy Vindkraftverk

VINDKRAFT: Hennøya i Bremanger.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

Vil ha eige godkjenningsordning

Leiar i energi og miljøkomiteen Ketil Kjenseth (V) er uroa over stor skilnad i kva konsulentane kjem over av raudlista artar.

I samband med vindkraftmeldinga vedtok stortingsfleirtalet nylig ei eiga godkjenningsordning. Politikarane vil at miljøstyresmaktene skal vurdere kvaliteten, og om naudsynt bestille statlege kartleggingar.

– Det er viktig at det er kontroll med aktørane, at dei ikkje gjer ein jobb for å tilfredsstille utbyggar, seier Kjenseth.

Men Raudt meiner stortingsfleirtalet ikkje går langt nok. Moxnes vil at miljøstyresmaktene sjølve skal bestille rapportane, på utbyggarane sin kostnad.

– Det skal ikkje vere tvil om integriteten, objektiviteten eller om det finst økonomiske bindingar, seier Moxnes.

Bjørnar Moxnes snakker om sitt alternative budsjett

MOTSTANDAR: Raudt leiar Bjørnar Moxnes vil ha slutt på vindkraft på land.

Foto: Cicilie Andersen / NRK

Reagerer sterkt på Raudt-påstand

Vindkraftbransjen sin organisasjon Norwea, der også fleire store konsulentselskap er medlemer, seier dei ynskjer velkomen tiltak som forbetrar og styrkar konsesjonssystemet.

Men spesialrådgjevar Andreas Thon Aasheim reagerer sterkt på at Moxnes kallar systemet i dag for at «bukken passar havresekken».

– Det er rett og slett litt trist, meiner Aasheim.

Aasheim påpeikar at staten lagar reglane, og godkjenner rapportane alt i dag. Det nye er at det no kan bli Miljødirektoratet eller statsforvaltarane som får ei kontrolloppgåve.

– Moxnes skuldar i nedlatande ordelag høgt utdanna fagfolk for å ikkje ha integritet i jobben sin, seier Aasheim.

Andreas Thon Aasheim

OPPGITT: Andreas Thon Aasheim i Norwea meiner det blir feil å trekkje fagfolka sin integritet i tvil.

Foto: Eirik Pessl-Kleiven / NRK

Vil ha endå strengare krav for å skape tillit i samfunnet

Naturvernforbundet har i fleire år vore kritiske til systemet.

Leiar Silje Ask Lundberg støttar Raudt i at miljøstyresmaktene må bestille kunnskapsgrunnlaget. Naturvernforbundet ynskjer også tydelegare krav til feltarbeid, fagkunnskapar og etterkontrollar.

– Her er vi pent nøydde til å sikre større sjølvstende. Elles risikerer vi å miste langt meir verdifull natur, meiner Lundberg.

Tre store konsulentselskap seier til NRK at prispress og uklart regelverk kan truge kvaliteten til kartleggingane.

Framover skal regjeringa saman med Miljødirektoratet og NVE sjå på korleis vedtaket i Stortinget skal innførast i praksis.

Ketil Kjenseth meiner samfunnet må ha tillit til at ting går rett føre seg.

– Noko anna kan vi ikkje leve med, seier Kjenseth.