Hopp til innhold

Born og unge utan heim til jul

Krf etterlyser handling frå regjeringa.

Barn
Foto: Richardsen, Tor / SCANPIX

180 born og unge landet over går jula i møte utan å ha ein heim å feire ho i.

Det meiner Krf er heilt uakseptabelt.

Krf-politikar Øyvind Håbrekke i familie -og kulturkomiteen på Stortinget etterlyser større satsing og handlekraft frå regjeringa.

NRK har tidlegare skrive om rekordmange fosterborn. Fosterheimstenesta meiner situasjonen er prekær.

Samtidig som det stadig vert fleire born som treng hjelp er det svært vanskeleg å få fosterfamiliar til born frå 12-årsalderen og oppover.

- Alle har barnehageplass, men vi manglar heimar

- Vi er komne dit at vi kan gi alle born barnehageplass, då er det på tide at vi kan gi alle born ein heim.

Håbrekke meiner barneminister Audun Lysbakken har hatt altfor lite fokus på forsterheimsborn.

- Eg forventar at Lysbakken står fram og tar ansvar for denne saka, han må auke satsinga på BUF-etat sine kampanjar for å få fleire fosterheimar.

- Vi må ha familiane også

At forsterheimsborn ikkje har hatt statsråden si merksemd er Lysbakken slett ikkje samd i.

- Det er heilt feil. Vi har jobba på spreng i lang tid for å skaffe fleire fosterheimar og lukkast, men behovet er stort, og det er utruleg viktig å få gjort noko med. Det er ikkje sånn at vi som politikarar kan vedta at vi skal ha nok fosterheimar, vi må ha familiane også.

Lysbakken legg til at ein treng både å rekruttere fleire og forbetre vilkåra for dei som er fosterforeldre for at alle skal få ein heim raskt.