Hopp til innhold

14-åringane Marit og Rebecca søv 5 timar om natta, men lærer ingenting om søvn på skulen

Grunnskulen har ingen konkrete læremål om søvn. No vil forskarar få til ei endring.

Marit Patricia Paasawe og Rebecca Jonas Tammerud

Marit Patricia Paasawe og Rebecca Jonas Tammerud går i 9. klasse. Dei får undervisning i mykje, men ikkje søvn.

Foto: Synne Sørenes / NRK

– Eg søv kanskje seks timar.

– Eller fem.

– Av og til sju. Eg søv aldri åtte.

Marit Patricia Paasawe og Rebecca Jonas Tammerud sit i klasserommet sitt på Ny-Krohnborg skule i Bergen og diskuterer søvn.

9.-klassingane seier kveldane går til fritidsaktivitetar og lekser, noko som gjer det vanskeleg å legge seg tidleg.

– Og så er eg på mobilen, legg Paasawe til med eit støttande nikk frå Tammerud.

Marit Patricia Paasawe og Rebecca Jonas Tammerud

Marit Patricia og Rebecca seier dei gjerne vil lære meir om søvn i skulen.

Foto: Synne Sørenes / NRK

Ingen undervisning i søvn

Sjølv om klassekameratane får lite søvn, møter dei opp til undervisning.

Men der er søvn i seg sjølv sjeldan eit tema.

– Nei, me lærer ikkje om søvn. Det hadde vore fint. Eg veit berre at me bør sova åtte timar. Det er for å halde seg opplagt, trur eg, seier Tammerud.

I dag er det ingen læremål i grunnskulen som konkret handlar om søvn.

Det vil fleire forskarar ved Nasjonalt senter for søvnmedisin (SOVno), ha ei endring på.

Ingvild West Saxvig

Ingvild West Saxvig forskar på søvn. Ho meiner elevar burde lære meir om søvn på skulen.

Foto: Synne Sørenes / NRK

Kan føre til angst og depresjon

– Søvn er kjempeviktig. Me reknar søvn som ein av dei tre grunnpilarane for god helse, på lik linje med eit godt kosthald og fysisk aktivitet, seier Ingvild West Saxvig.

Ho jobbar ved SOVno, og saman med fleire andre tilsette ved senteret skreiv ho eit debattinnlegg i BT, der dei etterlyste meir fokus på søvn i skulen.

– Læreplanen opnar for at ein kan undervise i søvn. Men det ligg ikkje inne som eit eige punkt, eller i nokre lærebøker.

Dei meiner søvn, korleis ein kan sove godt, kvifor det er viktig med god søvn og farane ved å ikkje sove nok, må få ein konkret plass i læremåla i grunnskulen.

– Søvn påverkar humøret. Men det har også effekt på læring, minne, immunforsvar, hjarte- og karsystemet. Det kan også føre til eller forverre angst og depresjon.

Les også Ser fremdeles «pandemitrykk» i barne- og ungdomspsykiatrien: – Du må ha flaks med diagnosen din

BUP i Bergen

Opp til læraren å bestemma

Avdelingsdirektør i Utdanningsdirektoratet, Hedda Huse, seier det ikkje står nokon plass i læreplanen at lærarar skal undervisa i søvn.

– Læreplanane er overordna, så det er mange tema du ikkje finn eksplisitt i planen, men som likevel er relevante for lærarane å trekke inn.

Difor blir det opp til lærarane sjølv å bestemma kor mykje fokus dei skal ha på søvn i undervisninga.

Kan søvn få ein meir konkret plass i læreplanen?

– Det vil eg ikkje avgjera her og no. Me utviklar læreplanar i lange prosessar saman med fagmiljøet. Men det er ikkje umogleg. Det er eit tema som tydeleg heng saman med psykisk og fysisk helse, noko elevane skal lære om.

Lærebok i mat og helse

Læreboka i mat og helse er digital. Men ingen av kapitla handlar om søvn

Foto: Synne Sørenes / NRK

– Mykje ein skal gjennom

På Ny-Krohnborg skole ser lærar Lillian Myklebust at fleire elevar får for lite søvn.

– Mange skulle nok ha lagt seg tidlegare. Me blir litt uroa når me får melding frå elevar rundt midnatt.

Ho meiner dei pratar ein del om søvn med enkelte elevar, men at det kunne hatt ein effekt å prate meir om det, også i undervisninga.

– Det er mykje ein skal gjennom i løpet av eit skuleår. Men det kan vera større fokus hadde ført til større forståing av kvifor det er viktig med søvn.

Paasawe og Tammerud er begge positive til å læra meir om søvn, men dei har ikkje noko tru på at det vil føre til fleire timar på puta.

– Nei. Eg trur ikkje det hadde påverka meg så mykje, seier Paasawe.