Hopp til innhold

Vil ha slutt på russekortkasting

Gut var sekund frå å bli påkøyrd av ein russebil i Folketoget i fjor. No vil foreldre i Florø stoppe russekortkastinga frå russebilane i toget.

Plukkar russekort

POPULÆRE RUSSEKORT: Ungane likar russekort og prøver å få flest mogeleg (arkivfoto)

Foto: Aina Røldal / NRK

Russekortkastinga til russen på 17. mai er blitt eit stort problem dei siste åra. Det meiner foreldre som har vore vitne til utallige nestenulukker i toget.

Sonen til Solveig Merethe Knutsen frå Florø var sekund frå å hamne under ein russebil i toget i fjor då han skulle plukke opp eit russekort.

– Skummelt

Ide russen og russebilane nærma seg, såg sonen at russen kasta frå seg russekort. Ungane flokka seg saman, og sprang ut i gata for å plukke dei opp.

– Då fekk eg frysningar nedover heile meg. Snur du deg to sekund så kan det vere gjort, og har du fleire ungar så er det ikkje lett å halde styr på alle på ein gong. Ungane forstår ikkje bilane klarer å stoppe. Eg tenkte at dette er skummelt og at det skulle blitt gjort på ein annan måte.

Større og større problem

Derfor har venninna Unni Helland no skrive brev til russepresidenten i Florø kor ho oppfomodar dei om å slutte å kaste russekort frå bilane i toget.

– Vi har snakka om det i fleire år at ungar har halde på å bli skadde i borgartorget. Det har blitt eit større og større problem og det har blitt fleire russebilar. Russen er snille og har kort til ungane, men det har begynt å bli litt mange nesten-ulukker.

Tilbakemeldingar på Facebook

I tillegg til brevet til russen har Helland også skrive om problemet på Facebook. Der har ho fått mange tilbakemeldingar.

– Mange er einige med oss og nokre har skrive at ungane har helde på å hamne under hjula. Ei skriv at det er flott at dette problemet blir teke opp.

Lovar ikkje å slutte

Russepresident og viserpresient i Florø- Ida Ellingsund og Mathis Stang forstår problemet. Likevel kan dei ikkje love å stoppe med kortkastinga.

– Vi ser at det kan vere farleg, men det er viktig at lærarar og foreldre formidlar at ungane må roe ned. Foreldra har eit ansvar for å passe på, seier Stang.

Unni Helland vil ikkje forby russekort.

– Nei, sjølvsagt ikkje. Eg tykkjer berre at dei må roe ned litt.

Politiet vil snakke med russen

Politoverbetjent Linda Åmelfot ved Sogn og Fjordane politidistrikt seier dei no skal vurdere andre løysningar med russen.

– Vi må ha ein dialog med russen. Dersom det er slik at det kan oppstå fare for dei som går i borgartoget, så er det heilt klart noko som ikkje bør skje.