Torsdag vart regjeringa sin nye ladestrategi presentert, ein rapport som har vore etterspurd lenge.
Dei siste åra har kundar og ulike organisasjonar reagert på at det finst ei virvar av appar og SMS-løysingar for å lade elbilen på hurtigladestasjonane rundt om i landet.
Både Forbrukarrådet og Elbilforeningen har kravd at ladebransjen blir pålagt å tilby kortbetaling.
Regjeringa skriv i den nye ladestrategien at det no blir stilt strengare krav til bransjen.
– Blant anna vil vi stille krav om kortbetaling eller kontaktlaus betaling ved alle nye ladepunkt frå 2023, og krav om lett tilgjengeleg prisopplysning for lading, seier samferdsleminister Jon-Ivar Nygård (Ap).
Kravet om kortbetaling eller kontaktlaus betaling vil gjelde for alle nye ladepunkt over 50 kW frå 2023.
I tillegg vil det bli sett ein tidsfrist for ettermontering ved dagens ladestasjonar, ein frist som førebels ikkje er bestemt enno.
Det blir avgjort når forslaget no skal ut på høyring.
90 prosent oppgir at det er komplisert med for mange appar og operatørar, ifølge ei undersøking frå Elbilforeningen.
Foto: Elise Pedersen / NRK– For komplisert
Det er i dag fleire aktørar som tilbyr lading med app eller med eiga brikke som berre fungerer på eigne stasjonar.
Det har medført at ladetilbodet fremstår uoversiktleg og unødvendig komplisert, meiner regjeringa.
Det blir vist til at transportsektoren står for ein tredel av norske utslepp, og at desse utsleppa må reduserast kraftig for å nå klimamåla.
– Det betyr at mykje av biltransporten må over på straum, både for personar og varer. Ladetilbodet langs vegane må difor vere godt utbygd og enkelt å bruke, seier Nygård.
Statsrådar frå dei ulike regjeringspartia var til stades då den nye ladestrategien vart presentert torsdag. Frå venstre klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap), samferdsleminister Jon-Ivar Nygård (Ap) og barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp)
Foto: Trond Lydersen / NRKDet blir også teke grep for å gjere det enklare å følge med på kva pris dei ulike selskapa opererer med.
- Det blir stilt krav om at prisinformasjon skal vere lett tilgjengeleg før lading, slik at bilistane enkelt kan samanlikne prisar på tvers av ladeoperatørar.
- Det kan bli innført ein marknadsportal for hurtiglading av lette køyretøy.
- Du som bilist skal kunne sjekke om offentleg tilgjengelege ladestasjonar er ledige eller opptekne.
Elbilist Kristian Kyrvestad, som NRK møter i Førde, har etterlyst strengare krav til bransjen lenge.
– Eg ønsker at dei endrar det slik at ein heller kan bruke kortet.
På høg tid at det blir lettare å betale med kort, meiner Kristian Kyrvestad.
Foto: Arne Stubhaug / NRKÅtvarar mot for strenge krav
I dag finst det rundt 5300 hurtigladarar i Noreg. Innan 2025 er målet å auke talet til 9000 ladarar.
Bransjeforeininga til selskap som sel energi og flytande drivstoff, Drivkraft Norge, åtvarar mot fleire av forslaga regjeringa no kjem med.
Eit krav om ettermontering av kortbetalingsløysingar på 5000 eksisterande hurtigladare vil kunne føre til full stopp i vidare utvikling av ladetilbodet, skriv organisasjonen i eit innlegg.
– Det er til tider lang leveringstid på nye ladestolpar med dei rette tekniske løysingane, ifølge adm.dir. Kristin Bremer Nebben.
Organisasjonen viser til ei vurdering som Konkurransetilsynet gjorde tidlegare i år, der det vart åtvara mot for streng regulering av marknaden.
Det kan føre til dårlegare konkurranse og høgare prisar for forbrukarane, ifølge tilsynet.
– Drivkraft Norge støtter desse vurderingane. Vi har den seinare tida sett fleire eksempel på at aktørane tilbyr nye og forbrukarvennlege løysingar utan at styremaktene har regulert dette.
– Siger
Ifølge den årlege spørjeundersøking som Elbilforeningen gjennomfører, meiner 90 prosent i 2022 at det er komplisert med mange appar og operatørar.
Dette er vesentleg fleire enn i fjor, då 75 prosent meinte det same.
80 prosent i undersøkinga gav uttrykk for at dei ønsker å kunne betale med betalingskort direkte på ladaren (tæpping).
Generalsekretær i Elbilforeningen, Christina Bu, kallar det ein «siger» at det no kjem krav om kortbetaling.
– Dette er noko vi har jobba for i ti år. Det som er problematisk i dag er at vi har eit utal selskap med forskjellige betalingsmodellar, ulike appar. Det er rett og slett for komplisert for folk.
Christina Bu i Elbilforeningen kallar forslaget ein «siger»
Foto: erik m sundt / erik m sundtHo meiner det er avgjerande at det ikkje tek for lang tid før det kjem krav om ettermontering av allereie utbygde stasjonar.
Det er venta at EU kjem med krav om at alle nye og eksisterande ladarar skal ha kortbetaling innan 2027.
I tillegg har det vore debattert om krav til såkalla «e-roaming», som betyr at du kan bruke ein ladeapp til å betale på alle hurtigladeplassar for elbil.