– Om flåten bruker vettet no og begynner å fiske sild til konsum, skal vi komme i mål.
Fabrikksjef Per Røys på anlegget til den norske fiskegiganten Pelagia har mykje å tenke på.
Over eit lite vindauge på fire veker skal fabrikken hans produsere 4000 tonn av den nederlandske delikatessa matjessild.
Og alt dette blir ete på eitt år.
For ikkje på lenge har fryst fisk som er norsk vore så etterspurd som han er no.
BEKYMRA: Fabrikksjef Per Røys kjempar for å dekke inn behovet for sild som skal gå til konsum.
Foto: Oddgeir Sæle / NRKDet melder Fiskebåt, havfiskeflåten sin organisasjon.
Onsdag denne veka samlar store delar av den norske fiskenæringa seg i Ålesund.
Der skal dei diskutere kva to år med pandemi, og sist no krigen i Ukraina, har gjort med næringa.
DELIKATESSE: Matjessild er ei stor delikatesse i Nederland. Årleg blir det eksportert 4000 tonn frå fabrikken i Noreg.
Foto: Birte Njøsen Horne / NRKFleire vil ha tak i silda
Men at det er stor etterspurnad etter fisk på eksportmarknaden, er ikkje til stor hjelp for fabrikksjefen til Pelagia.
For det er allereie stor konkurransen om fisken Røys vil ha opp på matfatet til folk
For ein del av silda fiskeflåten fiskar kjem aldri på kjøkkenbordet.
Ho går heller til framstille mjøl og olje.
– Og vi kjempar for å dekke behovet til konsum, forklarar Røys medan han tar NRK med på ein rundtur i fabrikken.
Fisken er mindre enn han bør
Generalsekretær i Norges Fiskarlag, Sverre Johansen, fortel at ein i år har ein spesiell situasjon for norske fiskarar i Nordsjøen.
For i år har fiskarane fått ei mykje mindre kvote i britisk farvatn enn ein har hatt tidlegare.
Med det har det vore eit poeng å fiske silda medan ho er i norsk sone.
– Og så langt er silda som er fiska er av ein litt mindre størrelse, og ho er med det ikkje så populær på matmarknaden. Der vil ein gjerne ha større fisk, forklarar Johansen.
KAN GÅ TOM: Fabrikksjef Per Røys er bekymra for at det snart ikkje er sild igjen til å lage matjessild av.
Foto: Bård Siem / NRKFeil i reknestykket
Langs med produksjonsbandet til Pelagia går produksjonen av matjessild for fullt.
Det er ikkje lenge sidan produksjonen starta, og om få veker er han over.
Bekymringa til Per Tøys er at allereie 65 prosent av sildekvoten er fiska opp.
– Men vi har berre produsert 40 prosent av volumet vårt.
– Det er ikkje eit reknestykke som går opp?
– Nei, det gjer det ikkje. Vi risikerer at om 14 dagar er vi tomme for sild. Og det bekymrar meg ekstremt mykje.