Vil ha redningshelikopter i Florø

- Regjeringa ønskjer å opprette ein base  for eit redningshelikopter i Florø, seier justisminister Knut Storberget til Stavanger Aftenblad.

Knut Storberget
Foto: NRK

Justisministeren har besøkt Hovudredningssentralen på Sola. I samband med besøket sa Storberget at det er naudsynt med ein base i Florø for å korte ned på reaksjonstida ved ulukker i dette området.

- Regjeringa har som ambisjon å ha tilstadevakt døgnet rundt ved redningsstasjonar over heile landet. Dessutan ønskjer vi å etablere ein redningsbase i Florø, sa Storberget då han vitja Stavanger.