Vil ha rask avklaring om Nessane

Kommunaldepartementet seier at dei før jul vil avgjere kva for kommunane Nesse krins i Balestrand skal tilhøyre. Det er kommunestyret i Balestrand som no etterlyser ei avgjerd. Fylkesmannen rådde tidlegare i år til at krinsen blir flytta til Høyanger kommune, etter ynskje frå innbyggjarane.

Nessane
Foto: Noralv Pedersen / NRK