Vil ha produksjonsskule i Førde

Ein eigen produksjonsskule lagt til Førde. Dette er ønsket til Ungdomspolitisk utval i Sogn og Fjordane. Produksjonsskulen skal vere ein skule der elevar som droppar ut frå vidaregåande skule skal få drive med meir praktisk retta arbeid og undervisning. Ungdomspolitisk utval la fram ønsket sitt under fylkestinget i Førde i dag.