Hopp til innhold

Vil ha omkamp om ølsalet

Bystyremedlem Einar Solheim (Ap) vil ha tilbake ølmonopolet som Førde gjekk bort frå i fjor.

Einar Solheim

- VI FEKK RETT: Einar Solheim (Ap).

Statistikken viser at salet av øl i Førde meir enn dobla seg då det vart opna for sal av øl i butikkane. I første halvår i 2012 med ølutsal vart det selt 121.842 liter øl, i andre halvår med butikksal vart det selt 250.525 liter.

For heile 2012 var auken frå året før på 35 prosent. Den store auken var ikkje overraskande, seier Solheim til Firda.

– Eg vil helst ikkje slå meg på brystet og seie at «vi fekk rett», men vi fekk dessverre det, seier han til NRK.no.

Solheim seier til NRK at sjølv om omsetnaden på Vinmonopolet og på butikkane i grannekommunane har gått ned, så er det så lite at det på langt nær veg opp for den store auken i ølsalet i Førde.

– Eg har venta på at desse tala skulle kome, slik at vi fekk stadfesta at det var dette som skjedde. Den totale auken er slik vi frykta.

(Artikkelen held fram under biletet).

Førde ølutsal

KJEM DET ATT? Førde ølutsal.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Auke blant måtehaldne

Solheim trur at det er den tilfeldige ølhandelen som har auka.

– Det er ikkje nødvendigvis ungdommen og alkoholikarane som kjøper meir alkohol, det er tilfeldig handel frå folk som i utgangspunktet er måtehaldne som aukar. Og forskinga viser at når forbruket aukar i den gruppa er det det som på lengre sikt får størst konsekvensar for det totale alkoholproblemet i samfunnet.

– Kva meiner du politikarane i Førde bør gjere?

– I neste bystyreperiode kjem det truleg ein ny rusplan, og då må vi vurdere om det er rett å halde fram med øl i butikk eller om vi skal snu og gå tilbake til ølmonopol.

– Ølmonopol perfekt for Førde

Og Einar Solheim er klar på kva han vil gå inn for dersom det blir aktuelt med ei ny avrøysting om ølsalet.

– Eg er ikkje i tvil om at ølmonopol er ei perfekt ordning for ein plass som Førde sentrum, så kunne det kanskje vere øl i butikk i utkantar som Haukedalen.

Men ordførar Olve Grotle (H) er ikkje uroa over auken.

– Eg har full tillit til at folk i Førde kan behandle øl som alle andre innbyggjarar i Norge.