Hopp til innhold

Vil ha omkamp om nullutslepp i verdsarvfjordane

Eit klart fleirtal i fylkesutvalet i Vestland meiner krava til nullutslepp i verdsarvfjordane er for strenge og vil ha omkamp i Stortinget. Så lenge cruiseskipa kan kople seg til landstraum eller nytte biodrivstoff, må dei få segle inn til verdsarvområda Flåm og Geiranger fram til 2035, meiner fylkespolitikarane. Stortinget har vedteke heilt utsleppsfri cruisetrafikk til Flåm og Geiranger innan 2026. – Miljøgevinsten med å ha særkrav for verdsarvfjordane er låge, seier Aleksander Øren Heen (Sp). Han håper Stortinget lyttar til innspelet frå Vestland. MDG og SV støttar ikkje vedtaket.

Statssekretær Aleksander Øren Heen.
Foto: CECILIE BERGAN STUEDAL