Styreleikar Bjørgulf Myklebust seier til Firdaposten at dei har vedteke å utarbeide ein forstudie.
– Dersom konklusjonane i denne er positive vil vi freiste å gå vidare med planane så raskt som råd.
Det er snakk om eit areal på 600 mål, og Myklebust meiner området på Holmaneset har mange fordeler.
– Innseglinga er optimal med lunt farvatn og god djupne, og vi ligg nær både Florø og Vågsøy.
Myklebust avviser at planane kjem som fylgje av at politikarane i Flora er usamde om korleis Fjord base skal utvidast.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Også vindkraft
Til NRK seier Myklebust at dei håpar å kome inn på marknaden for offshoreoppdrag, men at dei og satsar på landbaserte aktivitetar.
– I hovudsak satsar vi på oppdrag på sokkelen utanfor kysten, men vi tenker også på vindkraftutbygginga i Bremanger. Men vi er enno i ein tidleg fase, så eg kan ikkje seie så mykje meir no.
Det er fire lokale selskap i Svelgen som har kjøpt området på Holmaneset av Orkla. 120 dekar av til saman 600 dekar er alt regulert, slik at der kan ein kome kjapt i gang.
– Vi reknar med at forstudien skal vere klar i slutten av første kvartal i 2013, så håpar vi å lande eit forprosjekt i andre kvartal, og det vil avklare om det blir ei utbygging av den første delen av området.
– De satsar mellom anna på demontering av oljeriggar. Det same gjer dei på Lutelandet og på Hanøytangen. Er det marknad for så mange aktørar.
– Eg trur det blir mogeleg for fleire å vere med på dette. For vi har ein del fortrinn slik vi ligg til.