Vil ha nytt småbåtregister til Florø
Eit samrøystes fylkesutval i Vestland ønskjer at eit nytt nasjonalt småbåtregister skal leggjast til Florø i Kinn.
Fylkesutvalet viser til at Florø er ein aktiv kystby i ein region med høg kompetanse innan maritim sektor og småbåtliv.
Fylkesutvalet trur ikkje rekruttering av naudsynt kompetanse vil vere spesielt utfordrande i Florø.
Regjeringa vurderer å opprette eit småbåtregister og viser til at det kan vere positivt for tryggleiken til sjøs, for miljøet og for å førebygge kriminalitet.