Vil ha nye namn på politikontor

Politidirektoratet vil endre namn på tre av politikontora i fylket. Det gjeld Vågsøy lensmannskontor, som direktoratet vil endre til Måløy lensmannskontor. Flora politistasjon er foreslått endra til Florø politistasjon og Nordfjordeid lensmannskontor til Stad lensmannskontor. Kommunane har frist til 4. mai om dei ønskjer å klage på forslaga.