Hopp til innhold

Vil ha ny ordning for blindetransport

SVELGEN (NRK): Nye ordningar har blitt testa ut for køyring av blinde, svaksynte og funksjonshemma. Blindeforbundet vil ha ei nasjonal ordning.

Melkior utanfor pensjonistkafeen i Svelgen

EIN AV FÅ TURAR: Melkior Leirmo er blind og må prioritere hardt kva turar han bruke for komme seg på det han skal.

Foto: Bård Holmen Solvik / NRK

Melkior Leirmo bur eit lite stykke utanfor Svelgen sentrum. Som andre stadar i fylket er det lange avstandar til fleire av tilboda som Leirmo er avhengig av. Dette kan vere utfordrande for folk flest, men i for Leirmo som er blind, blir dette ekstra krevjande.

– Eg er jo avhengige av andre eller hjelpemiddel for å komme meg ut.

Berre nok til dei mest naudsynte turane

Carta

TRUFAST: Carta har hjelpt Leirmo i mange år, men slit no sjølv med synet.

Foto: Bård Holmen Solvik / NRK

Framleis får Leirmo god hjelp av førarhunden Carta til å kome seg rundt i lokalmiljøet. Men grunna ein kronisk betennelse, er Carta i ferd med å lide same skjebne som eigaren.

Leirmo er difor stadig meir avhengig av TT-tenesta, Tilrettelagt transport, for å kome seg rundt. Men med 3800 kroner i året å køyre for, må han prioritere TT-turane sine hardt.

– Dei må eg bruke på dei aller mest naudsynte ærenda, som når eg må kome meg til tannlegekontoret i Florø. Då er det ikkje mykje igjen til private gjeremål, seier Leirmo.

Melkior Leirmo på pensjonistkafeen i Svelgen

HYGGAR SEG: Melkior Leirmo på ein av sine få turar til pensjonistkafeen i Svelgen.

Foto: Bård Holmen Sovlik / NRK

Som aktiv pensjonist med medlemskap i fleire foreiningar, er det difor mykje han må prioritere vekk i kvardagen, som han gjerne skulle vore med på.

På høg tid med ny ordning

Leiar i Sogn og Fjordane blindeforbund, Heidi Sårheim, meiner tida er overmoden for ei ny nasjonal TT-ordning. Dei siste tre åra har det vore prøvd ut tre prøveprosjekt. Sårheim meiner at ordninga med 240 turar i løpet av året er den beste. Den vil gje brukarane mest fleksibilitet.

Heidi Sårheim

MÅ BLI BETRE: For mange blinde er det vanskeleg å basere seg på eit lite fleksibelt kollektivsystem, meiner Heidi Sårheim

Foto: Bård Holmen Solvik / NRK

– Det vil seie i underkant av tre turar fram og tilbake i løpet av ei veke. Det meiner vi Blindeforbundet er heilt naudsynt for at blinde og funksjonshemma skal kunne leve eit nokolunde normalt liv.

Ordninga er rekna til å koste mellom 200–300 millionar kroner i året.

– Vi tykkjer dette er ei fornuftig, riktig og viktig investering, seier Heidi Sårheim.

NRK har freista å få tak Samferdselsdepartementet, men har ikkje lukkast med det.