Begeret er fullt for fleire ordførarar i Sunnhordland når det gjeld ferjene som trafikkerer sambanda i og rundt kommunen.
I går var Skyss-direktøren kalla inn til møte med fleire kommunar, etter problem på problem med ferjene dei siste vekene.
Dagen etter har Kvinnherad-ordførar Peder Sjo Slettebø framleis ein del ferjekjeft å dela ut.
– Eg er glad for at Skyss-direktøren tok turen til oss. Men vi er nok ikkje heilt nøgd med svara vi fekk. Dei kunne ikkje lova tilstrekkeleg betring.
Har ikkje tillit til Norled
For etter fleire grunnstøytingar i regionen går det på tilliten laus hjå innbyggjarane.
– Vi har mista tilliten til at ferja går. Det er alvorleg at det er manglande tillit til at kommunikasjonane fungerer.
Han er spesielt skuffa over å få høyra at Skyss har forlenga kontrakten med reiarlaget Norled i ytterlegare eitt år, fram til 2020. Norled har anbod på dei fleste rutene i Sunnhordland, mellom anna Gjermundshavn–Varaldsøy–Årsnes og Skjersholmane–Ranavik.
- |
Slettebø meiner det rett og slett har vore for mykje tull med Norled.
– Viss Skyss vil ha tilliten til innbyggjarane, så bør dei vurdere om det er noko hensikt i å halda fram samarbeidet med denne operatøren.
LEI: Peder Sjo Slettebø meiner Norled har mista tilliten blant ferjepassasjerar i Sunnhordland, og ber Skyss vurdera å seia opp kontrakten.
Foto: Jon Bolstad / NRKBeklagar
Norled har ferjer på verkstad for tida og jobbar på spreng for å få ferjesambanda tilbake i normal drift. Regionsjef Inge Andre Utåker i Norled tykkjer det er leit å høyra at innbyggjarane ikkje har tillit til dei.
– Eg må få beklage ovanfor dei som er råka. Det er svært uheldig at vi har fått så mange problem på same tid. Men vi har ein regularitet som totalt sett ligg høgt over 90 prosent, så eg håpar folk ser det heile og store biletet.
Utåker tilbakeviser på det sterkaste svikt hjå vedlikehaldsrutinane.
– Vi held oss til kontrakten vi har med Skyss. Det er ingenting som tyder på at vi ikkje er nær nok det kontrakten krev. Men vi har kontraktbrot no når det gjeld kapasiteten, fordi vi har så mange samanfallande hendingar. Men det er langt på nær så alvorleg at kontrakten må seiast opp, seier Utåker.
MF Hardingen gjekk rett på grunn ved Skjersholmane på Stord tidlegare i januar.
Foto: Marte Rommetveit / NRKFleire med ferjetrøbbel
– Som eg sa i formannskapsmøtet i går må ein no finne løysingar saman med operatøren Norled som gjer eit tenleg ferjetilbod fram til nye anbod er på plass. Da vil alle aktørar kunne vere med i konkurransen. Dei siste hendingane er ikkje vi, Norled eller brukarane nøgde med, seier Skyss-direktør Oddmund Sylta til NRK.
Det er ikkje berre Norled som på Vestlandet den siste tida har hatt større hendingar:
- 10. desember smalt «MF» Heilhorn på grunn på sambandet Husavik-Sandvikvåg. FosenNamsos Sjø er operatør på ruta.
- 30. desember grunnstøytte «MF» Gulen ved Mannheller i Sogndal. Her er Fjord1 operatør.
- 6. januar køyrde Norled si ferje «MF» Hardingen seg fast på Stord. Fire dagar seinare gjekk «MF» Viking, frå same reiarlag, på grunn på Årsnes.