Vil ha montessoriskule på Haugland

Fem friskular har søkt om å få starte opp i Hordaland hausten 2019. Ein av dei er på Haugland i Arna, der skulen skal leggast ned. Der vil lokale foreldre starte montessoriskule. I tillegg har Akademiet Bergen Realfagsundsomsskole, Kløvheim Montessoriskule, Tyssedal Montessori skole og Stord Kristne Skule send inn søknad. Skulane vil få svar innan 1. februar 2019.

Haugland skole
Foto: Sølve Rydland / NRK