Vil ha meir «Lovleg»

Kringkastingsringen ber NRK om å lage fleire sesongar av den populære ungdomsserien «Lovleg». Fleire har engasjert seg etter at det kjent at det ikkje blir meir enn dei to sesongane som er sende om hybellivet rundt Firda vidaregåande på Sandane. Kringkastingsringen arbeidar for å fremje nynorsk, og peikar på at serien har vore svært viktig sett frå eit nynorskperspektiv.

Kristine Ryssdalsnes Horvli spelar Gunnhild i Lovleg
Foto: Arne Stubhaug / NRK