Hopp til innhold

Vil ha legen på hyppigare heimebesøk - legane er skeptiske

Eit forslag til ny fastlegeforskrift ønskjer at legane i større grad skal reise ut til pasientane, men legeforeininga er ikkje særleg villige til å imøtekome forslaget.

Hender (Illustrasjonsfoto)

HEIMEBESØK: For svært mange eldre er det ei stor belastning å kome seg til legekontoret. Enkelte må fraktast på båre til fastlegen sin.

Foto: colourbox.no

Dei siste åra har det vore eit mål at pasientane skal oppsøkje legen på kontoret. Men i den nye fastlegeforskrifta blir det lagt opp til at legen i langt større grad skal ut av kontoret. Blant anna blir det foreslått at fastlegen skal gje tilbod om heimebesøk til kronisk sjuke.

– Det synest vi er svært positivt, mange av dei eldre pasientane har ikkje like lett for å kome seg av garde inn til legesentra, det er ein måte å møtekome denne pasientgruppa på på ein betre måte enn det som ligg i fastlegeordninga i dag, seier Jostein Midtbø, som er leiar for Pensjonistlaget i Sogn og Fjordane.

Pasienten må setjast i fokus

Jostein Midtbø har høyrt at mange eldre pasientar synest det er vanskeleg og belastande å måtte kome seg til legesenteret når dei er svært sjuke.

Borge Rørvik

BORGE RØRVIK: Meiner at hyppigare heimebesøk kan fjerne ei stor belastning for pasientane.

Foto: Janne-Marit Myklebust / NRK

– Det er pasientane som skal vere i fokus, og dei eldre pasientane er svært opptekne av dette. Og det er jo dei vi representerer, legg Midtbø til.

Leiaren i Noregs Pensjonistforbund, Borge Rørvik, er samd med Midtbø og trur at det å få legen oftare heim til seg sjølv kan fjerne ei stor belastning.

Rørvik seier at dette heilt sikkert gjer det betre i sjukdomsbiletet for pasienten. Han seier også at det er viktig å presisere at dette ikkje berre gjeld heimebesøk til privatheimar, men også på sjukeheimar og omsorgsbustader. Ei slik ordning er det mange kommunar som ikkje har med legen, i følgje Rørvik.

Vert frakta på båre

– Det er viktig å nemne at dette gjeld dei aller sjukaste av oss. Enkelte som vert skikkeleg sjuke må av og til fraktast på båre til legen, då påfører ein pasienten endå fleire vanskar. Slik vil vi ikkje ha det, fortel Rørvik.

Han fortel også at dei forstår legane ut ifrå eit arbeidsspørsmål. Det er jo slik at kvar einskild lege ofte har opp mot 2500 pasientar på listene sine. Men det er ikkje slik at alle treng hjelp samstundes.

Intensjonen er god, men fungerer ikkje

Anne Kjersti Befring i Den norske legeforening meiner at ein heller bør endre finansieringsordningane slik at det vert lagt meir til rette for at legane kan reise på legebesøk.

– Ein pålegger legen til ei heil rekkje andre plikter om å gjere ting utanfor legepraksis; meir administrativt arbeid, og mindre tid til pasientane, meiner Befring.

Det ho synest er overraskande er at dette kjem som eit pålegg om å oppsøkje pasientane. Det er pasienten som vel fastlege, og difor pasienten som må kontakte legen dersom han vil det, meiner ho.