AV SIREN B. SVORTEVIK
Tradisjonen tru vart årdølane vekte av solide saluttar tidleg i morgontimane, men å sjå gradestokken syne tre grader og i tillegg til kald og sterk vind, var ikkje noko oppløftande syn for årdølane som markerer 1. mai nærast på lik line med 17. mai. Men morgonritual med korpsmusikk og felles arbeidarfrukost, stod som ein del av programmet i år også, der titals personar møtte opp.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– 2013 er ein felles kamp
Ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid, var ein av dei som heldt appell oppe ved Rallaren i Øvre Årdal.
– Sjølv om vi saman må oppleve smertefulle innsparingstiltak både i kommunen og næringslivet i året som kjem, er eg viss at vi i alle vil halde fram med å slåst for eit framtidsretta samfunn, sa han.
– Meir enn nokon gong vil den internasjonale krisa utfordre og teste kampviljen til årdølane. 2013 er eit år for felles kamp. Ein kamp for å ta vare på arbeidsplassane våre, og sikre oss nye spanande arbeidsplassar. Det vil òg vere ein kamp for at Hydro kan stå ved sine lovnader for Årdalssamfunnet, sa ordføraren frå talarstolen.
(Artikkelen held fram under biletet)
Om lag 700 i tog totalt
Om lag 500 personar gjekk i tog i Øvre Årdal, på Årdalstangen var det rundt 200.
Hovudtalar for dagen, nestleiar i LO, Tor Arne Solbakken, heldt ein svært tydeleg og engasjerande tale. Han understreka at aluminium har ein spesiell posisjon i Årdal – og at Årdal har ein spesiell posisjon i Hydro
– Ein banebrytande aluminiumsteknologi er utvikla, og teknologisenteret her har gjort Hydro enda sterkare med lågare energiforbruk, lågare utslepp det har spart klimaet og det har spart Hydro for milliardar.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Solbakken sa han skjønte at mange vart skuffa då Hydro tok av avgjersle om å byggja eit storskal pilotanlegg på Karmøy.
– Men prosjektet er også ei fjør i hatten for Hydro sitt forskingsmiljø i Årdal som er eit forskingsmiljø i verdsklasse.
- LES OGSÅ:
– Hydro vil satse i Årdal
Solbakken sa klart og tydeleg at LO har fått forsikringar om at Hydro vil satse på alle anlegga sine i Noreg, og at dette gjeld også Årdal.
– De har kraft for 50 år. Det stiller Hydro Årdal i ei særstilling i Noreg. LO kjem til å kjempe for at Hydro sitt anlegg har livets rett, også utover dei 50 åra.
(Artikkelen held fram under biletet)
Etter talen seier han at han er svært klar over at Årdal har slitt knallhardt med nedskjeringar, og at bygda ligg høgt oppe på prioriteringslista.
– Ja, vi pressar på regjeringa og Hydro heile vegen. Vi har kontinuerlege møter med dei heile vegen. Her er også ordføraren i Årdal og fagrørsla med. Eg er heilt sikker på at Årdal kjem tilbake i full tyngde i aluminiumsindustrien, seier Solbakken.
– Så de ser alvoret i situasjonen her?
– Ja, vi kjempar som terriar, og er kampklare. Årdølane er kjende for å kjempe og har eit brennande engasjement, så på sikt vil det gå svært bra med Årdal. Eg har absolutt inga tru at dette kjem til å bli ein spøkelseby. Slike tankar kan ein berre gløyme, seier Solbakken.
Ikkje berre politikk og næring
Det var ikkje berre talar og tunge, politiske bodskap som prega 1. mai-feiringa i Årdal. Utanfor Årdal kulturhus var det grilling, og lag og organisasjonar hadde laga enkle kaféar til heile bygdefolket, medan andre hasta av garde for å spele fotballkampar. I høve 1. mai var det også gratis kino i regi av Årdal kommune.
Leiar i Årdal kjemiske, Bjørn Øvstetun var også svært nøgd med dagen.
– Ja, faktisk. Vêret får ta skulda for at det ikkje vart rekordoppslutnad i år.