Hopp til innhold

Vil ha heilt slutt på skulegudstenestene

Skulegudstenestene bør kuttast ut ein gong for alle. Det meiner Human Etisk Forbund som meiner ordninga er utgått på dato i vårt fleirkulturelle samfunn.

Skolegudstjeneste i Rossabø kirke

SKULEGUDSTENESTE: Human Etisk Forbund meiner det er på tide å avvikle ordninga med skulegudstenester ein gong for alle. Biletet er frå ei skulegudsteneste i Rossabø kyrkje i Haugesund.

Foto: Haugesund kirke

Ei gudsteneste har lenge vore vanleg som ein del av skuleavslutninga før jul. Human Etisk Forbund vil ha slutt på det.

– Ideelt sett burde det vore ei avslutning som alle kan vere med på, så får ein bruke kyrkja utanom skuletid, seier Astrid Hammer Bolstad, organisasjonssekretær i Sogn og Fjordane.

– De vil leggje ned skulegudstenesta, kvifor?

– Det er ganske mange i dette landet etter kvart som ikkje er medlem i statskyrkja, og som ikkje har noko ønskje om å delta i ei gudsteneste.

– God opplæringsarena

Før måtte elevane melde seg av dersom dei ikkje ville vere med på skulegudstenesta. I si nye tilråding meiner Utdanningsdirektoratet at elevane aktivt må melde seg på.

Gudstenesta bør heller ikkje ha karakter av ei semesteravslutning, då ei avslutning bør vere samlande for alle elevane på skulen, meiner direktoratet.

Medan Human Etisk Forbund vil bli kvitt skulegudstenesta, er sokneprest i Førde, Kåre Bratten, av ei anna oppfatning. Han viser til at grunnlaget for skulegudstenesta er det som står i opplæringslova (sjå faktaboks).

– Dei kyrkjelege høgtidene i vår kultur er viktige, og ei gudsteneste er ein god læringsarena for elevane, seier Bratten.

Kåre Bratten

GOD OPPLÆRINGSARENA: Meiner sokneprest Kåre Bratten i Førde om skulegudstenesta.

Foto: Bård Siem / NRK

– Ei religiøs handling

Kyrkja sin eigen definisjon av ei gudsteneste gjer det problematisk, meiner Hammer Bolstad og viser til at den mellom anna seier at gudstenesta er staden der dei kristne blir synlege som ein kyrkjelyd (sjå faktaboks).

– Dette passar ikkje for fleirtalet av dagens barn og unge, seier ho.

– Norge er eit land med sterk kristen kulturarv, tek elevane skade av å vere med på ei skulegudsteneste?

– Nei, eg trur ikkje dei tek skade av det. Når det gjeld kulturarven er det noko ein tek opp i alle fag. Å delta i ei gudsteneste er ei religiøs handling, det høyrer ikkje heime i skulekvardagen.

Den obligatoriske skolegudstjenester før jul har lang tradisjon i Norge. I år skal elevene melde seg på til gudstjenesten. Men det finnes prester som vil ha slutt på hele ordninga.

VIL HA SLUTT PÅ SKULEGUDSTENESTA: Den obligatoriske skulegudstenesta før jul har lang tradisjon i Norge. Det finst prestar som vil ha slutt på heile ordninga. Sjå TV-saka frå 23. november 2015.

– Alle må kunne delta

Dersom skulegudstenestene ikkje blir kutta ut må rektorane som minstemål følgje råda frå Utdanningsdirektoratet om at elevane må melde seg på for å vere med, seier Hammer Bolstad.

Sokneprest Kåre Bratten er usamd. I fylke som Sogn og Fjordane, der det er relativt få innbyggjarar frå andre trussamfunn, bør ordninga vere som i dag, meiner han.

– Men vil ikkje enkelte elevar føle eit gruppepress for å vere med i kyrkja?

– Det skal vere og er gode fritaksordningar.

– I dagens samfunn meiner vi skulane må ha arrangement alle kan delta på. Vi ønskjer fokus på inkludering og mangfald, og at ein ikkje lagar avslutningar som stengjer ute og stigmatiserer nokon, seier Hammer Bolstad.