Vil ha Frida Melvær

Hyllestad Høgre har i dag nominert Frida Melvær på topp i sitt forslag til stortingsvalliste. Ei rekkje lokallag som Førde, Balestrand og Høyanger har gjort det same, og vraka sitjande stortingsrepresentant Bjørn Lødemel. Melvær sitt eige lokallag Askvoll har også hatt møte i dag. Dei nominerer Lødemel på topp, men understrekar at dei vil ha Melvær på topp om alternativet er noko anna enn Lødemel.

Frida Melvær
Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK